Sergej Sergejevitsj Prokofjev (23. april 1891–5. mars 1953) var ein sovjet-russisk komponist som blir rekna som ein av dei største komponistane på 1900-talet.
Sergej Prokofjev | |||
| |||
Fødd | 11. april 1891 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sontsivka | ||
Død | 5. mars 1953 (61 år) | ||
Dødsstad | Moskva | ||
Fødenamn | Сергей Сергеевич Прокофьев, Sergej Sergejevitsj Prokofjev | ||
Opphav | Det russiske imperiet, Sovjetunionen | ||
Sjanger | opera, symfoni, ballett, klassisk musikk | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | komponist, pianist, dirigent, koreograf, musikkforskar, filmmusikkomponist, forfattar, librettist | ||
Gift med | Lina Llubera, Mira Mendelssohn | ||
Born | Oleg Prokofiev | ||
Prisar | Stalinprisen, Leninprisen, Stalinprisen, Arbeidets røde fanes orden, Medaljen for tappert arbeid under Den store fedrelandskrigen 1941–1945, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Medaljen til minne om Moskvas 800-årsjubileum, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, Stalin Prize, 2nd degree, State Stalin Prize, 1st degree |
Av dei mest kjende verka hans kan nemnast Marsj frå operaen Kjærleik til tre appelsinar, suiten Løytnant Kijé, ballettane Romeo og Julie og Peter og ulven. Han skreiv blant mykje anna fem pianokonsertar, ni fullenda pianosonatar og sju symfoniar.
Stil
Prokofjev forklarte sjølv stil sin som samansett av fire grunnlinjer. Den «klassiske linja» stamma på den eine sida frå ei interesse for historiserande element, som gamle dansar, på den andre kom det til uttrykk ved at han heldt fast ved tradisjonelle former. Verkeleg neoklassisistisk skreiv han berre i sin Klassiske symfoni, da han såg på neoklassisisme som ein måte å unngå eit eige tonespråk. Den «moderne linja» var eit uttrykk for ei interesse for dristig harmonikk, dissonans og uvanlege akkordkombinasjonar. Til ei viss grad førte dette musikken til yttergrensa for tonal musikk. Det tredje var den «motoriske linja». Mange av verka er kjenneteikna av ein markant rytmikk og vill motorikk. I motsetnad til dette står den «lyriske linja». Det lukkast stadig Prokovjev å skape augneblinkar av tørr lyrikk og stille resignasjon og komponere uttrykksterke melodiar. Dessutan kan ein legge til at humor og ironi spelte ei viktig rolle i komposisjonane hans. Ellers har orkesterverka til Prokovjev ein distinkt klang kjenneteikna av ein uvanleg orkestrering, til dømes ved at fiolin og tuba spelar unisono.
Trass i denne kontinuiteten er det mogleg å sjå tre skaparperiodar. Den første blir ofte kalla «den russiske perioden» da det gjeld verk han skreiv før han ei tid budde i eksil. Verka frå denne perioden er kjenneteikna av særmerkte rytmar, skarpe dissonansar, «sarkastisk» humor og stor vital kraft. Sjølv om han heilt har brote med den seinromantiske tradisjonen, er ikkje stilen heilt lausrive frå den musikalske fortida, spesielt er ikkje tonaliteten sprengd. Trass i dette førte nokre av verka frå denne perioden til skandale, til dømes den skytiske suiten. Etter nokre meir nedtona verk i overgangen (1. fiolinkonsert, 3. klaverkonsert) blei tonespråket i den andre perioden, den såkalla «utanlandsperioden» frå 1918, meir moderne. Prokovjev overskrid til tider tonaliteten i desse verka, men er likevel ikkje like modernistisk som enkelte andre samtidige komponistar. Frå begynnelsen av 1930-åra kjem det eit enda tydelegare stilskifte. Den gjekk føre seg mens han budde i Sovjetunionen og vert derfor kalla den «sovjetiske perioden». Prokovjev var overtydd om at han måtte skrive musikk som fylte eit samfunnsmessig oppdrag. Resultatet var ein enklare harmonikk og klarare melodikonturar. Han la seg tettare opp mot den russiske folkemusikktradisjonen og musikken blei meir forståeleg og tilgjengeleg. Tonaliteten var meir fastlagd og han la vekt på ein utarbeidd polyfoni. Under den andre verdskrigen blei tonespråket igjen skarpare, noko som straks førte til kritikk frå maktapparatet. Seinare forenkla Prokovjev stilen enno meir. Kjenneteikn ved dei siste verka er ei brei melodiføring, ein lyrisk dåm, stille resignasjon og eit nesten romantisk tonefall.
Verk i utval
- 5 klaverkonsertar
- 2 fiolinkonsertar
- cellokonsert
- 7 symfoniar, mellom anna Symfoni nr. 1, «Den klassiske»
- solosonate for fiolin
- Romeo og Julie (ballett)
- Peter og ulven (symfonisk dikt for forteljar og orkester)
- Visions Fugitives (klaver)
- 9 pianosonatar
- Askepott (ballett)
- Krig og Fred (opera)
- Den brennande engelen (opera)
- Kjærleik til tre appelsinar (opera)
- Ivan den grusomme (filmmusikk)
- Aleksander Nevskij (filmmusikk)
- Steinblomen (ballett)
Bakgrunnsstoff
- Verk av og om Sergej Prokofjev i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- (en)Artiklar, fotos, verkforteikning, prokofiev.org
- (en)Nettsida til The Serge Prokofiev Foundation
- (en)pianosociety.com om Prokofjev)
- Fritt tilgjengelege notar av Sergei Prokofiev ved International Music Score Library Project (IMSLP)
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.