President i Pakistan

From Wikipedia, the free encyclopedia

President i Pakistan

Presidenten av Pakistan er statsoverhovud for den islamske republikken Pakistan. Ifølgje den pakistanske grunnlova har presidenten makt til å oppløysa nasjonalforsamliga og lysa ut nyval.[a][1] Denne makta er fleire gonger blitt omformulert i ulike grunnlovstillegg etter fleire militærkupp og utbyttingar av regjeringar.

Thumb
Flagget til presidenten av Pakistan

Det 18. grunnlovstillegget frå 2010 endra styreforma i Pakistan tilbake frå eit halv-presidentielt system til ein parlamentarisk demokratisk republikk. Under dette systemet har presidenten avgrensa makt til å styra, og utfører mest seremonielle oppgåver medan statsministeren har det meste av den politiske makta.[2]

Presidenten blir vald av eit valkollegium frå senatet, nasjonalforsamlinga og provinsforsamlingane.[3] Han kan sitja i stillinga i in periode på fem år. Dersom presidentperioden blir avkorta eller presidenten er borte, tek formannen for senatet mellombels over embetet.[3]

Presidentembetet blei innstifta i 1956.[4] Det blei danna då Pakistan blei utropt til republikk gjennom ei ny grunnlov. Iskander Mirza blei den første presidenten i landet.[5][6] Landet har til saman hatt tretten presidentar (2019), med to mellombels presidentar i kortare periodar i tillegg. Ein av desse, Wasim Sajjad, var mellombels president i to periodar, ein i 1993 og ein i 1997–98.[7]

Sekst presidentar har vore medlm av eit politisk parti, fire av dei i Pakistan Peoples Party (PPP). Den første presidenten var ein pensjonert offiser, fire andre var offiserar i teneste og tre av desse tok makta gjennom militærkupp Ayub Khan i 1958, Muhammad Zia-ul-Haq i 1977 og Pervez Musharraf i 1999.[4][8] President Zia døydde i embetet då flyet hans forulykka medan han vende tilbake frå Bahawalpur til Islamabad denn 17. august 1988.[9][10] Khan, med sine to presidentperiodar, har vore lengst i embetet med rundt ti år og fem månadar.[n 1][11]

Den noverande presidenten i Pakistan er Arif Alvi frå Pakistan Tehreek e Insaf.[12]

Fargar

Meir informasjon Partinamn ...
Partinamn
Republican Party
Muslim League (C)
Den pakistanske hæren
Sjølvstendig
Muslim League (Q)
Peoples Party
Muslim League (N)
Pakistan Tehreek-e-Insaf
Lukk

Presidentar

Meir informasjon No., Bilde ...
Liste over presidentar av Pakistan
No. Bilde Namn
(fødd–død)
Byrja i embetet[4] Forlét embetet[4] Val Parti Merknad[4]
1 Thumb Iskander Mirza[6][13]
(1899–1969)
23. mars 1956 27. oktober 1958   Republican Party Mirza var den siste generalguvernøren av Pakistan og blei den første presidenten etter grunnloven av 1956, som gjorde landet til ein republikk.[3] Han blei avsett i eit militærkupp av general Ayub Khan, som Mirza hadde utnemnd til Chief Martial Law Administrator i 1957.[11]
2 Thumb Ayub Khan[11]
(1907–1974)
27. oktober 1958 8. juni 1962[n 2]     Ayub tok kontroll over ladet ved eit statskupp i 1958. Han leia Pakistan inn i ein krig mot India i 1965.[15] I 1969 gjekk Ayub av etter press frå opposisjon, og overlét makta til general Yahya Khan.[10]
8. juni 1962 31. mars 1969 2. januar 1965[n 2] Pakistan Muslim League (C)
3 Thumb Yahya Khan[16]
(1917–1980)
31. mars 1969 20. desember 1971     Yahya fekk embetet etter at Ayub Khan trekte seg i 1969. Han trekte seg etter at Pakistan blei nedkjempa i Den bangladeshiske frigjeringskrigen i 1971.[10]
4 Zulfikar Ali Bhutto[17]
(1928–1979)
20. desember 1971 13. august 1973 20. desember 1971 Pakistan Peoples Party Bhutto trekte seg som president for å bli statsminister etter innføringa av grunnloven frå 1973, som gav landet eit parlamentarisk politisk system.[10][18]
5 Thumb Fazal Ilahi Chaudhry[19]
(1904–1982)
14. august 1973 16. september 1978 14. august 1973 Pakistan Peoples Party Chaudhry var ein konstitusonell president, der statsmiinister Zulfikar Ali Bhutto hadde den politiske makta. Chaudhry trekte seg i 1978 og overlét embetet til general Zia.[13]
6 Muhammad Zia-ul-Haq[9]
(1924–1988)
16. september 1978 17. august 1988     Zia tok de facto kontroll over landet gjennom eit statskupp i 1977. Han hadde tittelen Chief Martial Law Administrator til 1979. Zia-ul-Haq blei drepen i ei flyulkke i 1988. Han er den einaste pakistanske presidenten som har døydd i embetet.[13][20]
7 Ghulam Ishaq Khan[21]
(1915–2006)
17. august 1988 18. juli 1993 13. desember 1988 Sjølvstendig Khan blei president etter at Zia døydde i 1988. Han prøvde å avsetja regjeringa til Nawaz Sharif i 1993, men høgsteretten la ned veto mot avgjerda. Til slutt gjekk Khan av i lag med Sharif, i ein avtale hæren forhandla fram.[22]
8 Farooq Leghari[23]
(1940–2010)
14. november 1993 2. desember 1997 14. november 1993 Pakistan Peoples Party Leghari blei vald til president i 1993 etter at Ghulam Ishaq Khan tekte seg. Leghari var i koflikt med statsminister Nawaz Sharif, og trekte seg til slutt etter påtrykk frå dei konservatives og hæren.[24]
9 Thumb Muhammad Rafiq Tarar[25]
(1929–)
1. januar 1998 20. juni 2001 31. desember 1997 Pakistan Muslim League (N) Tarar var konstitusjonell president, medan statsminister Nawaz Sharif hadde den politiske makta. Tarar trekte seg i 2001.[26]
10 Thumb Pervez Musharraf[26]
(1943–2023)
20. juni 2001 6. oktober 2007 1. januar 2004[n 3]   Musharraf tok de facto kontroll over landet gjennom eit kupp i 1999. Han hadde tittelen Chief Martial Law Administrator til 2002.[26][28] Musharraf trekte seg som president i 2008 for å unngå å stillast for riksrett.[29]
6. oktober 2007 18. august 2008 6. oktober 2007 Pakistan Muslim League (Q)
11 Thumb Asif Ali Zardari[30]
(1955– )
9. september 2008 9. september 2013 6. september 2008 Pakistan Peoples Party Zardari blei vald etter at Musharraf trekte seg i 2008. Det 18. grunnlovstillegget frå¨2010 reduserte den vide presidentmakta til ei seremoniell rolle.[31]
12 Thumb Mamnoon Hussain[32]
(1940–2021)
9. september 2013 9. september 2018 30. juli 2013 Pakistan Muslim League (N) Hussain blei vald til den 12. presidenten av Pakistan med ein god majoritet, og byrja i embetet den 9. september 2013.[33][34]
13 Thumb Arif Alvi[35]
(1949– )
9. september 2018 4. september 2018 Pakistan Tehreek-e-Insaf Alvi blei vald til den 13. presidenten i Pakistan med over 54&nbspø% av røystene i valkollegiet. Motkandidatane var Maulana Fazl-ur-Rehman og Aitzaz Ahsan.[35]
Lukk

Mellombels presidentar

Meir informasjon No., Bilde ...
No. Bilde Namn
(Birth–death)
Byrja[4] Slutta[4] Val Parti
1A Thumb Wasim Sajjad[7]
(1941– )
18. juli 1993 14. november 1993   Pakistan Muslim League (N)
2A Thumb Wasim Sajjad[7]
(1941– )
2. desember 1997 1. januar 1998   Pakistan Muslim League (N)
3A Thumb Muhammad Mian Soomro[13]
(1950– )
18. august 2008 9. september 2008   Pakistan Muslim League (Q)
Lukk

Merknadar

  1. Oppdatert juli 2017
  2. Til 1962 regjerte Khan under unntakstilstand. I 1965 blei han gjenvald gjennom indirekte val i ei ording kalla Basic Democracy, til ein ny periode.[14]
  3. Musharraf fekk seg sjølv vald til president av valkollegiet.[27]
Sitat
  1. «powers, subject to Supreme Court approval or veto, to dissolve the National Assembly, triggering new elections, and thereby dismissing the Prime Minister»

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.