Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pranab Mukherjee (11. desember 1935–31. august 2020) var ein indisk jurist og politikar for Kongresspartiet. Han var president i India frå 2012 til 2017.[1] Mukherjee hadde også fleire ministerpostar, og sat sist som finansminister frå 2009 til 2012.
Pranab Mukherjee
প্রনব কুমার মুখার্জী, | |||
Pranab Mukherjee | |||
Fødd | 11. desember 1935 (89 år) Birbhum-distriktet i Vest-Bengal | ||
---|---|---|---|
Død | 31. august 2020 | ||
Statsborgar av | India | ||
Parti | Kongresspartiet | ||
Yrke | politikar, sjølvbiograf | ||
Institusjonar | Universitetet i Calcutta | ||
Utdanna ved | Universitetet i Calcutta Dhaka Collegiate School Suri Vidyasagar College Armanitola Government High School | ||
Far | Kamada Kinkar Mukherjee | ||
Ektefelle | Suvra Mukherjee | ||
Barn | Abhijit Mukherjee, Sharmistha Mukherjee | ||
Verv | President i India 25. juli 2012–25. juli 2017 | ||
Etterfylgjar | Ram Nath Kovind | ||
Alle verv |
|
Mukherjee blei fødd i landsbyen Mirati i Birbhum-distriktet i den dåverande Bengal-provinsen i Britisk India og no delstaten Vest-Bengal. Faren, Kamada Kinkar Mukherjee, var aktiv i den indiske frigjeringsrørsla og var kongresspartirepresentant i delstatsforsamlinga frå 1952 til 1964. Mor hans var Rajlakshmi Mukherjee.[2][3]
Mukherjee studerte ved Suri Vidyasagar College i Suri.[4] Han tok mastergrad i statsvitskap og historie i tillegg til ein jussgrad (LL.B.) ved Universitetet i Calcutta.[3]
I 1957 gifta Pranab Mukherjee seg med Suvra Mukherjee, som opphavleg var frå Narail i Bangladesh, men hadde kome til India som tiåring.[5] Paret har to søner og ei dotter.[4]
I 1963 byrja Mukherjee å undervisa i statsvitskap ved Vidyanagar College i South 24 Parganas-distriket sør for Calcutta.[6] Han verka også som journalist for Desher Dak ('Landets røyst') før han gjekk inn i politikken.[7]
Mukherjee var aktiv i indisk politikk i fleire tiår. I 1969 blei han vald inn i Rajya Sabha, det indiske overhuset, der han vann gjenval i 1975, 1981, 1993 og 1999. I 2004 blei han vald inn til underhuset, Lok Sabha. Frå 1982 til 1984 var han finansminister, frå 1995 til 1996 utanriksminister, frå 2004 til 2006 forsvarsminister og frå 2006 til 2009 utanriksminister. Han sat så som finansminister i regjeringa til Manmohan Singh frå 2009 til 2012. I 2012 blei Mukherjee nominert til presidentembetet,[8] og forlét finansministerposten.[9] I presidentvalet møtte han opposisjonskandidaten P.A. Sangma.[10] Mukherjee vann valet med 70 % av røystene frå valkollegiet.[11]
Mukherjee har skrive fleire bøker om indisk samfunn og politikk:[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.