art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Spirskrikje (Platylophus galericulatus) er ein mellomstor, støyande og særs kjenneleg mørk sporvefugl med ekstrem lang fjørtopp som lever i Søraust-Asia. Han var tidlegare trudd å vere ein kråkefugl, men frå 2018/2022 er han klassifisert i sin eigen familie Platylophidae.
Spirskrikje | |
Spirskrikje Foto: Doug Janson | |
Status | |
Status i verda: Nær truga | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Eupasseres |
Familie: | Spirskrikjefamilien |
Slekt: | Platylophus |
Art: | Spirskrikje P. galericulatus |
Vitskapleg namn | |
Platylophus galericulatus Cuvier, 1817 |
Spirskrikja har storleik som ei kaie, ca. 31-33 centimeter i kroppslengd og masse på 78-114 gram. To av tre underartar har mørk brun til svart fjørdrakt, ein tredje underart på Borneo er noko lysare brun. Alle har ein kjenneleg nokså brei kvit sigdforma flekk langs sidene av halsen, samt to små kvite flekker ved auget. Den oppreiste fjørtoppen på hovudet er uvanleg lang og består av berre to kraftige fjører. Både beina og nebbet er svarte, nebbet er relativt lite med ein kort krok på tuppen. Kjønna er like, men ungfuglar skil seg frå vaksne med meir raudbrun farge.
Dei lever lågt i lauvskog i utbreiingsområdet sitt på sørlege Malayahalvøya, Sumatra, Borneo og Java. Her beitar dei på virvellause dyr og insekt, einskildvis eller i små grupper. Dei er tillitsfulle ovanfor menneske. Dette er ein standfugl.
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande grunna tap av habitat. Arten er klassifisert som globalt nært truga, NT.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.