planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Fuglereir (Neottia nidus-avis) er ei plante i fuglereirslekta Neottia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Fuglereir | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Neottia | ||
Art: | N. nidus-avis | ||
Vitskapleg namn | |||
Neottia nidus-avis
(Linné) R.Br. | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik skog | ||
Utbreiing: | Europa, vestlege Asia | ||
Fuglereir er utan klorofyll og snyltar på andre planter for å få næring. Planta blir kring 30 centimeter høg og er brun, slik at ho kan sjå ut som ho har visna. Einskildblomane er gulbrune med relativt stor, kløyvd leppe, og sit i eit ganske stort og tett aks. Rotsystemet er svært forgreina og samanfiltra, noko som har gitt arten namn.
Tidlegare var fuglereir den einaste representanten i Noreg for slekta Neottia, men nyare genetisk forsking har synt at den tidlegare tvibladslekta Listera skal innlemmast i denne slekta, trass i dei store morfologiske ulikskapane.[2][3][4]
Fuglereir veks i kalkrik skog, og har hovudutbreiinga i Noreg nær kysten frå Oslofjorden til Trøndelag.[5] Frå 2021 er arten komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[6]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn nästrot),[7] i Danmark (LC, dansk namn rederod)[8] og i Finland (NT, finsk namn pesäjuuri).[9]
Fuglereir (engelsk namn bird's-nest orhid) veks mange stader i England, Wales, Skottland og Irland. I den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[10] Lokalt er han sårbar (VU) i England,[11] livskraftig (LC) i Wales,[12] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[13] Arten er livskraftig i Irland,[14]
I Estland (estisk namn pruunikas pesajuur) veks fuglereir over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[15] I Latvia (latvisk namn parastā ligzdene)[16] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[17] I Litauen (litauisk namn rusvoji lizduolė) veks arten spreidd over det meste av landet, mest i lauvskog og blandingsskog. Han er rekna som livskraftig.[18][19]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn vogelnestje, fransk namn néottie nid d'oiseau) i Nederland no stort sett berre nokre få stader i Limburg. I Belgia er han svært sjeldan i Flandern, noko vanlegare i Vallonia.[20][21] I den nederlandske raudlista er arten rekna som kritisk truga (CR, ernstig bedreigd).[22] I Belgia er han rekna som sterkt truga (EN, bedreigd) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[23][24] I Luxembourg er han rekna som livskraftig (LC).[25]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.