From Wikipedia, the free encyclopedia
Pitești (/pi'teʃtʲ/) er ein by i Romania som ligg ved elva Argeș. Han er hovudstad og største by i Argeș fylke, og eit viktig handels- og industrisenter, i tillegg til at han har to universitet. Han ligg ved motorveg A1 som går direkte til hovudstaden București og er eit viktig jernbaneknutepunkt med ein rangerstasjon i den nærliggande Bălilești. I byen ligg oljeraffineri Arpechim og eit marknadsføringsenter for bilindustrien, særleg for bilen Dacia.
Pitești | |||
---|---|---|---|
St. Georg-kyrkja i Pitești | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Argeș | ||
Borgarmeister | Tudor Pendiuc | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
40,7 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik |
141 275 3 471,1 /km² | ||
Koordinatar | 44°51′38″N 24°52′4″E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 110xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 48 | ||
Bilnummer | AG | ||
Nettstad: www.primariapitesti.ro |
Området har vore busett sidan førhistorien, men byen vart først nemnd på 1300-talet. Han utvikla seg til ein handelsby nord i Valakia og var ein uformell residens for forskjellige herskarar i Valakia fram til 1700-talet. Frå 1800-talet og fram til mellomkrigstida var han eit viktig politisk senter for Det nasjonale liberale partiet og residens for politikarane i Brătianu-familien. Dei første åra under kommunistregimet var det mykje politisk undertrykking i byen og i Pitești fengsel vart det utført hjernevaskingseksperiment.
Pitești er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Pitești, bykommunen Ștefănești (oraș) og dei sju mindre kommunane (comună) Albota, Băbana, Bascov, Budeasa, Mărăcineni, Micești og Moșoaia.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.