From Wikipedia, the free encyclopedia
Pinewood Smile er det femte studioalbumet til det britiske hardrockbandet The Darkness. Det var produsert av Adrian Bushby og kom ut 6. oktober 2017. Det var det første albumet deira som kom ut på Cooking Vinyl og det første heile albumet med Rufus Tiger Taylor på trommer, etter at Emily Dolan Davies slutta i bandet i 2015.
Pinewood Smile Studioalbum av The Darkness | ||
Utgjeve | 6. oktober 2017 | |
Studio | Vada Studios (Worcestershire) | |
Sjanger | ||
Lengd | 36:16 | |
Selskap | Canary Dwarf, Cooking Vinyl | |
Produsent | Adrian Bushby | |
The Darkness-kronologi | ||
---|---|---|
Last of Our Kind (2015) |
Pinewood Smile | Live at Hammersmith (2018)
|
Singlar frå Pinewood Smile | ||
|
Detaljar om albumet vart først avslørte i mars 2017 på Facebook-sida til bandet, og var estimert å kome ut seint i 2017. Albumet vart spelt inn i Vada Recording Studios i Worcestershire og var produsert av den prisvinnande produsenten og lydteknikaren Adrian Bushby, som har arbeidd med andre rockeband som Muse, Foo Fighters og Smashing Pumpkins. Same dagen gav bandet ut den første singelen frå albumet, «All the Pretty Girls». Tre andre singlar frå albumet — «Solid Gold» og «Southern Trains»[1][2] kom òg ut, to av dei før albumet 18. august og 25. september, medan «Happiness» kom ut 24. november.
Eit konsertopptak av «Buccaneers of Hispaniola» kom ut på singel i april 2018 før konsertalbumet Live at Hammersmith[3]
Pinewood Smile fekk generelt positive meldingar frå musikkritikarane. På Metacritic, som gjev ein vekta karakter opp til 100 basert på offisielle meldingar, har albumet ein gjennomsnitleg score på 71 basert på sju meldingar.[4] Kerrang! rangerte abumet som det 23. beste i 2017 på årslista si.[8]
Alle songar er skrivne av Dan Hawkins, Justin Hawkins, Frankie Poullain og Rufus Tiger Taylor.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «All the Pretty Girls» | 3:18 |
2. | «Buccaneers of Hispaniola» | 3:06 |
3. | «Solid Gold» | 4:32 |
4. | «Southern Trains» | 2:52 |
5. | «Why Don't the Beautiful Cry?» | 3:36 |
6. | «Japanese Prisoner of Love» | 4:19 |
7. | «Lay Down with Me, Barbara» | 4:05 |
8. | «I Wish I Was in Heaven» | 3:21 |
9. | «Happiness» | 3:13 |
10. | «Stampede of Love» | 3:54 |
Total lengd: | 36:16 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Uniball» | 3:33 |
12. | «Rack of Glam» | 3:44 |
13. | «Seagulls (Losing My Virginity)» | 3:54 |
14. | «Rock in Space» | 3:33 |
Total lengd: | 51:00 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «Why Don´t the Beautiful Cry» (demo) |
Solid Gold nådde femteplassen på Kerrang! Rock Chart i september 2017[17] medan Southern Trains nådde 14. plassen på den same lista i oktober same året.[18]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.