kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Pia er eit kvinnenamn med opphav i det latinske ordet pius, 'from, respektfull, heiderleg'. Pia kan òg vera eit slektsnamn.
Pius er eit kjent pavenamn. «Pia» er knytt til Jomfru Maria, som i den katolske bøna «Salve Regina» som endar «O clemens, O pia, O dulcis Virgo Maria».
Pia har namnedag den 22. februar i Sverige og den 12. desember i Noreg.
Namnet er kjent over store delar av verda. Det er særleg utbreidd i Danmark, der det var det 17. mest brukte med 24 866 brukarar, 0,91 % av alle kvinner. I Finland same året heitte 13 698 eller 0,52 % Pia og 7 116 eller 0,27 % Piia. I Sverige heitte 23 328 eller 0,51 % Pia i 2006.
I Noreg heitte 2 820 kvinner Pia i 2008. Bruken av namnet har vore i vekst sidan 1940, med toppar rundt 1970, 1990 og 2005, då bruken som døypenamn var rundt 0,30 %.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.