Tropikkfuglfamilien

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tropikkfuglfamilien

Tropikkfuglar er ein familie, Phaethontidae, av tropisk pelagiske sjøfuglar. Familien er klassifisert i sin eigen orden Phaethontiformes‎. Det er berre tre artar av tropikkfuglar, alle samle i ei slekt Phaethon.

Kjappe fakta
Tropikkfuglfamilien
Thumb
Raudhaletropikkfugl Phaethon rubricauda
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Phaethontiformes
Familie: Tropikkfuglfamilien Phaethontidae
Lukk

Skildring

Thumb
Småtropikkfugl, Phaethon lepturus
Foto: Richard Crossley/The Crossley ID Guide Eastern Birds

Tropikkfuglar har hovudsakleg kvit fjørdrakt med lange halefjører og korte svake bein og føter. Dei tre artane har varierande kombinasjonar av svarte flekkar i andletet, på rygg og venger. Nebba er store, kraftige og litt kurva. Hovudet er stort, medan nakken er stutt, kort og tjukk. Storleiken på desse fuglane varierer frå 76 cm til 102 cm i lengd og 94 cm til 112 cm i vengespenn. Ropet frå tropikkfuglar er vanlegvis ein høg, gjennomtrengande, skingrande lyd, men dei kan òg gje plystrande, eller sprakande lyd. Desse lydane kjem ofte i ein rask serie når dei er på flyging ved kolonien.

Tropikkfuglane fangar ofte byttet ved å observere frå lufta og så styrtdukke, vanlegvis berre rett under overflata av sjøen. Dei et hovudsakleg fisk, særleg flygefisk, og av og til blekksprut.

Vanlegvis hekkar tropikkfuglar i hòler og sprekkar på bakken. Hoa legg eit kvitt, brunflekka egg, og rugetida er 40-46 dagar. Begge foreldra kan ta del i ruginga, men oftast hoa medan hannen fangstar og bringar mat til hoa. Ungane er dundekte når dei klekker. Begge foreldra søker mat og fòrer ungane to gonger kvar tredje dag i ca 12-13 veker til dei er forlèt reiret. Ungane er først flygedyktige etter nokre dagar på havet der dei taper vekt før første flyturen.

Tropikkfuglungar har relativt langsam vekst i forhold til landfugl og dei pleier òg å samle feitt mens dei er små. Dette, saman med kull på berre eitt egg kan vere ein tilpassing til ein pelagisk livsstil kor maten ofte er konsentrert i store mengder, men kan vere vanskeleg å finne.

Artslista

Tropikkfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Orden Phaethontiformes‎, familie Phaetontidae

  • Småtropikkfugl, Phaethon lepturus, White-tailed Tropicbird, LC, Daudin, 1802
    Spreidd i alle tropiske hav, med unnatak av austlege Stillehavet[3]
  • Raudnebbtropikkfugl, Phaethon aethereus, Red-billed Tropicbird, LC, Linné, 1758
    Tropiske del av Atlanterhavet, austre Stillehavet og nordvestlege Indiahavet med Omanbukta, Raudehavet og Persiabukta[4]
  • Raudhaletropikkfugl, Phaethon rubricauda, Red-tailed Tropicbird, LC, Boddaert, 1783
    Indiahavet og vestre og sentrale tropiske Stillehavet[5]

Heliadornis is ei førhistorisk slekt av tropikkfuglar som har vore skildra etter studium av fossil.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.