Kløfthaleparula, Peucedramus taeniatus, er ein sporvefugl, han er einaste medlemmen av den biologiske slekta Peucedramus og i familien Peucedramidae.
Kløfthaleparula | |
Kløfthaleparula Foto: Tony Morris | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Kløfthaleparula | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Peucedramidae |
Slekt: | Peucedramus |
Art: | Kløfthaleparula P. taeniatus |
Vitskapleg namn | |
Peucedramus taeniatus Du Bus, 1847 |
Denne arten hekkar frå sørlege Arizona og New Mexico i USA, sørover gjennom Mexico til Nicaragua. Det er den einaste fuglefamilien som er endemisk for området Nord-Amerika - Mellom-Amerika.[1] Tidlegare var kløfthaleparula klassifisert med parulaer, men DNA-studium tyder på at det skjedde ein tidleg splitt frå andre relaterte sporvefuglar før differensieringa av heile gruppa av parulaer, busksporvar og trupialar tok til. Difor har han no fått sin eigen familie i systematikken.
Dette er ein insektetande art med habitat i barskog. Sjølv om han ofte blir rekna å vere ikkje-trekkjande,[2] forlèt dei fleste fuglane staten New Mexico frå november til slutten av februar.[3]
Slektsnamnet på kløfthaleparula, Peucedramus, er avleidd frå det greske 'peuke' for edelgran og 'dromos' for løpar, ein referanse til fôringshabitat og åtferd. Artsnamnet, taeniatus, kjem av latinsk 'taenia' for eit hovudband, og 'atus' for det å ha, ein referanse til merket dei har i ansiktet.[4]
Skildring
Kløfthaleparula er ein middels stor songfugl, 13–14 cm i lengd og veg 9,5 til 12 gram. Det viser ein aning variasjon i storleik, der meir nordlege populasjonar er større enn dei sørlege, eit fenomen kjent som Bergmann-regelen.[5] Kløfthaleparula er ein langvenga fugl. Fjørdrakta til hannar har stort sett grå kropp med noko olivengrønt på vengene, og to kvite vengeflekker. Hovud og bryst hos hannar er gulbrun-oransje,[2] og det er ei svart maske frå nebb gjennom auget. Ungfuglar og hoer har gult i staden for oransje, og den svarte maska er meir diffus. I tillegg til geografiske skilnader i storleik, varierer fjørdrakta òg geografisk, med sørlege fuglar som meir fargerike i fjørdrakta enn dei nordlege.
Songen består av klåre plystretonar attgjeven som hirrJI hirrJI hirrJI, plida plida plida chir chir, osb.[2] Hannen syng gjennom heile året, frekvensen av songen er aukande seint på vinteren og når ein topp tidleg på våren. I løpet av året syng hannen mest midt på morgonen, men i løpet av våren syng han konstant gjennom heile morgonen og seint på ettermiddagen. Han sit vanlegvis i trekroner eller i andre høge tre under songen.[6] Dei hekkar i tre og har 3-4 egg i kullet.
Kløfthaleparula er distribuert frå USA til Nicaragua, og er den einaste fuglefamilien som er endemisk for Nord-Amerika medrekna Mellom-Amerika.[6] I nordlege delar av utbreiingsområdet har dei ein kontinuerleg distribusjon frå Yavapai County i Arizona og den sørvestlege spissen av New Mexico sørover langs sentrale Mexico ned til sørlege Mexico. Det er òg isolerte populasjonar i Tamaulipas, Coahuila, Sonora og Chihuahua. Lengre sør finn ein populasjonar i sørvestre Guatemala og frå nordre El Salvador og sentrale Honduras til nordlege Nicaragua.[6]
Kløfthaleparula er ein fugl av fjell og høgland. I nordlege område av utbreiingsområdet lever dei frå 2600 moh. eller meir, i einskilde delar av utbreiingsområdet finst dei lite truleg under 3500 moh. I Oaxaca i Mexico lever dei mellom 1700-3000 moh., lengre sør i Guatemala ned til 1850 moh. og i den sørlege delen av utbreiingsområdet, i Honduras og Nicaragua med til 1000 moh. der det finst eit belte av skog frå 1070 og 1370 moh.[6] Dei lever i barskog, som til dømes av gullfuru, Pinus ponderosa, og i skog av sukkerfuru i Arizona, og dessutan i vanleg edelgranskog og i eik- og furuskogar i det sentrale Mexico, Guatemala og Honduras. Desse skogane varierer frå fuktige til halvtørre.[5] I kystnære område kan palmar brukast, og i Mexicodalen skog av or og furu.[6]
Over det meste av utbreiingsområdet er arten standfugl, men det er prov for at fuglar i den nordlegaste bestanden er delvis trekkfuglar. Fuglar i Arizona, New Mexico og Mexico flyttar seg tilsynelatande bort frå hekkeplassane sine, men rørslene er ikkje godt undersøkte. Det har vore antyda at dei enten er høgdmigrantar, det vil seie flyttar ned til lågare høgder, eller at dei spreier seg, som nokre rapportar om funn i Texas viser. Fuglar av den nordlege underarten P. t. arizonae har vore registrert i nærleiken av Tepic i Nayarit. I alle høve blir nokre fuglar igjen i dei nordlege delar av leveområdet året rundt.[6][7]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.