Flugeskvettar omfattar 47 fugleartar i 13 slekter i familien Petroicidae. Alle er endemiske til Australasia: Ny-Guinea, Australia, New Zealand og ei rekkje Stillehavsøyar så langt aust som til Samoa. Lokalt blir artar i familien kalla tilsvarande dei norske nemningane raudstrupar, krattraudstrupar og flugesnapparar. Dei er likevel berre fjernt i slekt med flugesnapparar, Muscicapidae, som andre artar med slike namn høyrer inn i, og med monarkflugesnapparar, Monarchidae.

Kjappe fakta
Flugeskvettar
Thumb
Gulbrystflugeskvett, Eopsaltria australis
Foto: Flagstaffotos
Utbreiing
Thumb
Utbreiinga av Flugeskvettar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Petroicoidea
Familie: Flugeskvettar Petroicidae
Mathews, 1920
Lukk

Kjenneteikn

Dei fleste artane har ei tettvaksen kroppsbygging med eit stort, avrunda hovud, eit kort, rett nebb, og avrunda vengespissar. Dei er utbreidde i eit breitt spekter av skogkledde naturtypar, frå subalpin til tropisk regnskog, og frå mangrovesumpar til halvtørr krattskog. Alle er primært insektetande, sjølv om nokre få supplerar føda med frø. Det sosiale systemet er vanlegvis bygd på langsiktige parsamband og små familiegrupper. Nokre slektar praktiserer samarbeidande hekking, der alle i familien hjelper med å forsvare eit territorium med føde for ungar.

Reiret er koppforma, vanlegvis konstruert av hoa, og ofte plassert i ein vertikal forgreining av eit tre eller ein busk, mange artar er ekspertar på å leggje mose, bork eller lav på utsida av reiret som kamuflasje, noko som gjer det svært vanskeleg å oppdage, jamvel når det er lagt på ein tilsynelatande framtredande plass.

Artslista

Flugeskvettar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Amalocichla

  • Storpapuaskvett, Amalocichla sclateriana, Greater Ground-Robin, De Vis, 1892, (LC)
  • Dvergpapuaskvett, Amalocichla incerta, Lesser Ground-Robin, Salvadori, 1875, (LC)

Slekt Monachella

  • Kaskadeflugeskvett, Monachella muelleriana, Torrent Flycatcher, Schlegel, 1871, (LC)

Slekt Microeca

  • Svengflugeskvett, Microeca fascinans, Jacky-winter, Latham, 1801, (LC)
  • Gyllenflugeskvett, Microeca hemixantha, Golden-bellied Flyrobin, Sclater, 1883, (NT)
  • Sitronflugeskvett, Microeca flavigaster, Lemon-bellied Flycatcher, Gould, 1843, (LC)
  • Gulbeinflugeskvett, Microeca griseoceps, Yellow-legged Flycatcher, De Vis, 1894, (LC)
  • Olivenflugeskvett, Microeca flavovirescens, Olive Flyrobin, Gray, GR, 1858, (LC)
  • Oransjebeinflugeskvett, Microeca papuana, Papuan Flycatcher, Meyer, AB, 1875, (LC)

Slekt Eugerygone

  • Granatflugeskvett, Eugerygone rubra, Garnet Robin, Sharpe, 1879, (LC)

Slekt Petroica

  • Nordøyflugeskvett, Petroica longipes, North Island Robin, Lesson & Garnot, 1827, (LC)
  • Sørøyflugeskvett, Petroica australis, South Island Robin, Sparrman, 1788, (LC)
  • Maoriflugeskvett, Petroica macrocephala, Tomtit, Gmelin, 1789, (LC)
  • Mangereflugeskvett, Petroica traversi, Chatham Robin, Buller, 1872, (EN)
  • Skarlaksflugeskvett, Petroica boodang, Scarlet Robin, Lesson, 1838, (LC)
  • Flammeflugeskvett, Petroica phoenicea, Flame Robin, Gould, 1837, (NT)
  • Rosenflugeskvett, Petroica rosea, Rose Robin, Gould, 1840, (LC)
  • Ravineflugeskvett, Petroica rodinogaster, Pink Robin, Drapiez, 1819, (LC)
  • Fjellflugeskvett, Petroica bivittata, Subalpine Robin, De Vis, 1897, (LC)
  • Rubinflugeskvett, Petroica archboldi, Snow Mountain Robin, Rand, 1940, (DD)
  • Norfolkflugeskvett, Petroica multicolor, Norfolk Robin, Gmelin, 1789, (EN)
  • Raudkroneflugeskvett, Petroica goodenovii, Red-capped Robin, Vigors & Horsfield, 1827, (LC)
  • Melanesiaflugeskvett, Petroica pusilla, Pacific Robin, Peale, 1848, (LC)

Slekt Melanodryas

  • Kutteflugeskvett, Melanodryas cucullata, Hooded Robin, Latham, 1801, (LC)
  • Brunflugeskvett, Melanodryas vittata, Dusky Robin, Quoy & Gaimard, 1830, (LC)

Slekt Tregellasia

  • Maskeflugeskvett, Tregellasia leucops, White-faced Robin, Salvadori, 1876, (LC)
  • Tygleflugeskvett, Tregellasia capito, Pale-yellow Robin, Gould, 1852, (LC)

Slekt Eopsaltria

  • Gulbrystflugeskvett, Eopsaltria australis, Eastern Yellow Robin, White, 1790, (LC)
  • Gråbrystflugeskvett, Eopsaltria griseogularis, Western Yellow Robin, Gould, 1838, (LC)
  • Gulbukflugeskvett, Eopsaltria flaviventris, Yellow-bellied Robin, Sharpe, 1903, (LC)
  • Kvitbrystflugeskvett, Eopsaltria georgiana, White-breasted Robin, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
  • Mangroveflugeskvett, Eopsaltria pulverulenta, Mangrove Robin, Bonaparte, 1850, (LC)

Slekt Poecilodryas

  • Svarthakeflugeskvett, Poecilodryas brachyura, Black-chinned Robin, Sclater, 1874, (LC)
  • Svartsideflugeskvett, Poecilodryas hypoleuca, Black-sided Robin, Gray, 1859, (LC)
  • Kvitbrynflugeskvett, Poecilodryas superciliosa, White-browed Robin, Gould, 1847, (LC)
  • Okerflankeflugeskvett, Poecilodryas cerviniventris, Buff-sided Robin, Gould, 1858, (LC)
  • Belteflugeskvett, Poecilodryas placens, Olive-yellow Robin, Ramsay, EP, 1879, (NT)
  • Kvithalsflugeskvett, Poecilodryas albonotata, Black-throated Robin, Salvadori, 1875, (LC)

Slekt Peneothello

  • Kvitvengflugeskvett, Peneothello sigillata, White-winged Robin, De Vis, 1890, (LC)
  • Sotflugeskvett, Peneothello cryptoleuca, Smoky Robin, Hartert, 1930, (LC)
  • Kvitgumpflugeskvett, Peneothello bimaculata, White-rumped Robin, Salvadori, 1874, (LC)
  • Skiferflugeskvett, Peneothello cyanus, Blue-gray Robin, Salvadori, 1874, (LC)

Slekt Heteromyias

  • Sotkinnflugeskvett, Heteromyias albispecularis, Ashy Robin, Salvadori, 1876, (LC)
  • Gråbrynflugeskvett, Heteromyias cinereifrons, Gray-headed Robin, Ramsay, 1876, (LC)

Slekt Pachycephalopsis

  • Grønryggflugeskvett, Pachycephalopsis hattamensis, Green-backed Robin, Meyer, 1874, (LC)
  • Kvitaugeflugeskvett, Pachycephalopsis poliosoma, White-eyed Robin, Sharpe, 1882, (LC)

Slekt Drymodes

  • Papuakrattskvett, Drymodes beccarii, Papuan Scrub-Robin, Salvadori, 1876, (LC)
  • Nordkrattskvett, Drymodes superciliaris, Northern Scrub-Robin, Gould, 1850, (LC)
  • Sørkrattskvett, Drymodes brunneopygia, Southern Scrub-Robin, Gould, 1840, (LC)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.