Peter Schmeichel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Peter Schmeichel

Peter Bolesław Schmeichel (fødd 18. november 1963) er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Gladsaxe. Schmeichel, som var målvakt, er særleg kjend for å han spela på den engelske klubben Manchester United og på det danske landslaget.

Kjappe fakta Personleg informasjon, Fullt namn ...
Peter Schmeichel
Thumb
Personleg informasjon
Fullt namn Peter Bolesław Schmeichel
Fødd 18. november 1963 (61 år)
Fødestad Gladsaxe i Danmark
Høgd 191 cm
Posisjon Målvakt
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981-1984 Gladsaxe-Hero 46 (0)
1984-1987 Hvidovre 78 (6)
1987-1991 Brøndby 119 (2)
1991-1999 Manchester United 292 (0)
1999-2001 Sporting 55 (0)
2001-2002 Aston Villa 29 (1)
2002-2003 Manchester City 29 (0)
Totalt 648 (9)
Landslag
1988-2000 Danmark 129 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Lukk

Karriere

Klubbspel

Schmeichel spelte for den lokale klubben Galdsaxe-Hero mellom 1981-84. Frå 1984 spela han før tre år for den danske toppklubben Hvidovre og sidan fire år for Brøndby IF. Mellom 1991 og -99 spelte han for Manchester United i England, der han var med å vinne fem ligameisterskap, FA-cupen tregongar og til sist Meisterligaen. 1999-2001 stod han i mål for Sporting Lisboa i Portugal, før han avslutta som aktiv med to sesongar i engelsk liga, først ein sesong for Aston Villa og så den siste sesongen for Manchester City.

Han la opp våren 2003.

Landslagsspel

Schmeichel debuterte for Danmark sitt landslag i ein kvalfiseringskamp til sommar-OL 1988 mot Hellas i Levadia. Han deltok i fem sluttspel for Danmark; europameisterskapa 1988, 1992, 1996 og 2000, dessutan i VM i fotball 1998 i Frankrike. Berre Michael Laudrup har like maneg sluttspel av danske fotballspelarar. Høgdepunktet kom i 1992 då han heldt buret reint då Danmark vart europameister med 2-0 ov Tyskland i finalen. Mot Slovenia i 2001 stod han i mål i sin 129. og siste landskamp.

Merittar

  • 1987: Seriemeister i Danmark med Brøndby IF
  • 1988: Seriemeister i Danmark med Brøndby IF
  • 1989: Serie- og cupmeister i Danmark med Brøndby IF
  • 1992: Vinnar av EM med Danmark og av den engelske ligacupen med Manchester United
  • 1993: Vinnar av FA Premier League med Manchester United
  • 1994: Vinnar av Premier League og FA-Cupen med Manchester United
  • 1996: Vinnar av Premier League og FA-Cupen med Manchester United
  • 1997: Vinnar av Premier League med Manchester United
  • 1999: Vinnar av Meisterligaen, Premier League og FA-Cupen med Manchester
  • 2000: Seriemeister med Sporting Lisboa

Heider

  • Årets spelar i Danmark i 1990, 1993 og 1999.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.