studioalbum av Peter Gabriel (1978) From Wikipedia, the free encyclopedia
Peter Gabriel er det andre soloalbumet til den engelske musikaren Peter Gabriel. Det kom ut i 1978. Albumet er det andre med same namn som artisten. Det vart produsert av gitaristen Robert Fripp, som påverka albumet med bruk av «frippertronics» på sporet «Exposure».
Peter Gabriel Studioalbum av Peter Gabriel | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. juni 1978 | |
Innspelt | November 1977 til februar 1978 | |
Studio | Relight Studios i Hilvarenbeek i Nederland | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock | |
Lengd | 41:29 | |
Selskap | Charisma (Storbritannia) Atlantic (Nord-Amerika) | |
Produsent | Robert Fripp | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
---|---|---|
Peter Gabriel (1977) |
Peter Gabriel | Peter Gabriel (1980)
|
Singlar frå Peter Gabriel | ||
|
Albumet selde ikkje like bra som det første albumet hans, Peter Gabriel, men nådde tiandeplassen på albumlista i Storbritannia.[1] «Mother of Violence» vart skriven av Gabriel og den første kona Jill Gabriel.
I USA vart albumet kalla Peter Gabriel II. Albumet vert ofte kalla Scratch, som syner til plateomslaget av Hipgnosis. På strøymingstenester vert albumet kalla Peter Gabriel 2: Scratch.
Albumet var opphavleg meint som ein del av ein laust basert trilogi i lag med Robert Fripp sitt Exposure og Daryl Hall sitt Sacred Songs. Alle tre var produserte av Fripp.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Chicago Sun-Times | [3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
Entertainment Weekly | B+[5] |
Q | [6] |
Rolling Stone | [7] |
The Rolling Stone Album Guide | [8] |
The Village Voice | B−[9] |
I NME i 1978 skreiv Nick Kent: «Det uforskamma venstreorienterte belegget gjorde meg først kald, og det er først no at styrkane til albumet byrja å kome gjennom til meg ... når ein har kome seg forbi det avvæpnande ikkje-fokuserte belegget, er det eit stille, merkverdig talent i arbeid her - stille på det settet til den langsamt brennande lunta på 'Mother of Violence' der pianoarbeidet til Roy Bittan er lengre bak enn noko av det han gjorde for Bruce Springsteen eller David Bowie. Nærare rota av albumet, er det ein reinleik, ein styrke ved dei individuelle songane som er nok til å markere Gabriel som ein mann som nærmar seg sitt kunstnariske senit.»[10]
Alle songane er skrivne av Peter Gabriel, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «On the Air» | 5:30 | |
2. | «D.I.Y.» | 2:37 | |
3. | «Mother of Violence» | Peter Gabriel, Jill Gabriel | 3:10 |
4. | «A Wonderful Day in a One-Way World» | 3:33 | |
5. | «White Shadow» | 5:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Indigo» | 3:30 | |
7. | «Animal Magic» | 3:26 | |
8. | «Exposure» | Peter Gabriel, Robert Fripp | 4:12 |
9. | «Flotsam and Jetsam» | 2:17 | |
10. | «Perspective» | 3:23 | |
11. | «Home Sweet Home» | 4:37 |
Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[11] | 50 |
UK Albums Chart[1] | 10 |
US Billboard Pop Albums[12] | 45 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.