From Wikipedia, the free encyclopedia
Peter Englund (fødd 4. april 1957)[1] i Boden er ein av Sveriges fremste historikarar og forfattar av ei rad populærhistoriske bøker. Englund tok doktorgrad på 1600-talets mentalitetshistorie. Hovudtyngda av forfattarskapen omhandlar Sverige si militære stormaktstid 1620-1720.
Peter Englund | |||
| |||
Fødd | 4. april 1957 Överluleå församling | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Sverige | ||
Yrke | historikar, skribent, journalist | ||
Institusjonar | Harvard University | ||
Alma mater | Uppsala universitet | ||
Medlem | Svenska Akademien Svenska Akademien |
Englund etterfølgde i 2002 Erik Lönnroth som medlem i Svenska Akademien på stol nummer 10.[1] Han etterfølgde Horace Engdahl som fast sekretær i akademiet i juni 2009.
Peter Englund var professor i narratologi ved Dramatiska institutet mellom 2001 og 2006. Tidlegare var han forskar ved Uppsala universitet og før dette arbeidde han i den svenske militære etterretningstenesta.
Gjenombrotet hans som historieformidlar kom med boka Poltava frå 1988. Her gjenskapte han etter nitide kjeldestudier time for time hendingane som førte til at Karl 12s hær vart utsletta på éin dag i Ukraina i 1709. Boka vart ein salssuksess, og Englund gav seg i kast med ein trilogi om Tredveårskrigen. Den fyrste boka i denne serien var Ofredsår som kom i 1993. Hovudpersonen i boka var Erik Dahlbergh. Den ytre handlinga i bøkene er den svenske hærens felttog på det europeiske kontinentet, men vel så mykje er det 1600-tallts tenkjemåte, daglegliv og verkelegheit som er "hovudperson". Bind to, Den oövervinnerlige, kom i år 2000. Den skildra Karl 10. Gustav sitt felttog i Tyskland og invasjonen av Sjælland i 1658.
Englund har også utgjeve tre samlingar med historiske essay.
Englund har også vore fagkonsulent for SVT sin serie av Fredrik Lindström om svensk historie og identitet (2006-7)
Årstall er opphavleg svensk utgåve, ISBN refererer til norsk omsetjing der den finst, og svensk om den ikkje er omsett.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.