svensk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Per Brahe den yngre (18. februar 1602–12. september 1680) var ein svensk greve og riksdrott frå 1640 til han døydde.
Per Brahe | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. februar 1602 Rydboholm Castle, Uppland |
Død |
12. september 1680 (78 år) |
Yrke | politikar, diplomat, militær |
Språk | svensk |
Far | Abraham Pedersson Brahe |
Ektefelle | Christina Catharina Stenbock, Beata De la Gardie |
Per Brahe på Commons |
Per Brahe blei utnemnd til riksråd av kong Gustav II Adolf av Sverige i 1630. I 1637 blei han generalguvernør over Finland, og i 1641 blei han utnemnd til den fremste embetsmannen i riket som riksdrott. I 1650 blei han forlena med friherreskapet Kajana i Finland, etter at han tidlegare hadde hatt det såkalla Braheslott len i Savolax.
Som guvernør over Finland bidrog Brahe til grunnlegginga av byane Tavastehus og Nyslott (1639), Brahestad, Kristinestad, Kristina og Villmanstrand (1640), Kajana (1651) og Brahea i nordre Karelen og Veckelax Nystad (1653). Han medverka også til at Helsingfors blei flytta nærare havet.
I 1640 var Brahe med på å skipa Kungliga akademien i Åbo, i dag vidareført som Helsingfors universitet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.