From Wikipedia, the free encyclopedia
Parc des Princes er ein idrettsarena sørvest i den franske hovudstaden i Paris. Arenaen vart opna 4. juni 1972 og er sidan renovert i samband med VM i fotball 1998 og EM i fotball 2016. Dagens tilskodarkapasitet er 47 929, publikumsrekorden frå 1989 er på 50 370.
Omframt Fotball-VM 1998 og Fotball-EM 2016, har Parc des Princes vore åstad for finalar i europacupen og cupvinnarcupen i fotball, samt UEFA-cupfinalen 1998. Dessutan vart fem av oppgjera i rugby-VM 2001 arrangert her.
Parc des Princes var nasjonalstadion for fotball i Frankrike, inntil nybygde Stade de France tok over i 1998.
Mellom 1897 og 1972 stod to ulike idrettsarenaer i same området, som har fått namnet Parc des Princes (Fyrste-parken) avdi kongeslekta på 1700-talet dreiv jakt i terrenget.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.