familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Paradisfuglar er medlemmer av familien Paradisaeidae av ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Dei fleste artane i denne familien er funne på Ny-Guinea og øyane omkring, med tillegg av nokre få artar som finst i Molukkane i Indonesia og i austlege Australia. Familien har 41 artar i 16 slekter. Medlemmene i denne familien er kanskje best kjende for fjørdrakta hos hannfuglar på dei fleste artane, dei har særs langstrakte og forseggjorde fjører som strekkjer seg frå nebbet, venger eller hovud. Dei fleste artane har utbreiing i tett regnskogshabitat. Kosten hos alle paradisfuglar er dominert av frukt og i mindre grad leddyr. Paradisfuglar har ei rekkje sosiale system for forplanting, frå monogami til leikbasert fleirkoneri.
Paradisfuglar | |
Brudeparadisfugl, Paradisaea minor Foto: Roderick Eime | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Paradisfuglar Paradisaeidae Vigors, 1825 |
Familien er av kulturell tyding for innbyggjarane på Ny-Guinea. Handel med skinn og fjører av paradisfuglar har gått føre seg i to tusen år, og fuglane har vore av betydeleg interesse for vestlege samlarar, ornitologar og skribentar òg. Ei rekkje artar er trua av jakt og tap av habitat.
Paradisfuglar er generelt kråkeliknande i kroppsforma, og faktisk nært i slekt med familien kråker. Paradisfuglar varierer i storleik frå kongeparadisfugl på 50 gram og 15 cm til krøllparadisfugl på 44 cm og 430 gram. Hannen av svartsigdnebb er den lengste arten på 110 cm inkludert den lange halen. Alle hannane er større og lengre enn hofuglen av arten, skilnadene varierer frå litt til ekstremt. Vengene er avrunda og hos nokre artar strukturelt endra på hannar for å skape lydar. Det er stor variasjon i familien med omsyn til nebbform. Nebbet kan vere langt og nedbøygd, som hos slekta Epimachus, sigdnebb, og slekta Ptiloris, eller kort og tynnt som hos Astrapias. Storleiken på kropp og nebb varierer med kjønnet, det er mest vanleg at hoene har større nebb enn hannar, spesielt hos insektetande artar.[1]
Variasjon i fjørdrakta mellom kjønna er nært knytt til forplantingssystemet. Manucodia-artane og kråkeparadisfugl, som er sosialt monogame, har kjønnsdimorfisme. Likeins med dei to artane av Paradigalla, begge polygame. Alle desse artane har generelt svart fjørdrakt med varierande mengder grøn og blå irisering.[1]
Paradisfuglar har eit største mangfald sentrert på den store øya Ny-Guinea. Alle, unntatt to slekter, finst på øya. Dei to unntaka er slektene Lycocorax og Semiptera, begge monotypiske og begge endemiske for Molukkane, vest for Ny-Guinea. Av artane i slekta Ptilorisee er to endemiske for kystskog i austlege Australia, ein annan opptrer både i Australia og på Ny-Guinea, og ein er berre funne på Ny-Guinea. Den einaste andre slekta å ha ei art utanfor New Guinea er Manucodia, ein representant som er funne i heilt nord i Queensland. Dei andre artane er avgrensa til New Guineas og nokre av dei omkringliggande øyane. Mange artar har svært små leveområde, spesielt ei rekkje artar med habitattypar som fjellskog, skog i høgland, t.d. svartsigdnebb, eller øy-endemiske t.d. regnbogeparadisfugl.[1]
Fleirtalet av paradisfuglar lever i tropiske skogar, inkludert regnskog, sumpar og tåkeskog.[1] Fleire artar har vorte registrerte i kystnær mangroveskog.[2] Sørlege artar som skjelbukparadisfugl i Australia, lever i subtropiske og tempererte våte skogar. Som gruppe er Manucodia mest fleksible i krav til levestad, spesielt glansparadisfugl som kan leve i skog så vel som opne savannar og terreng med open småskog.[1] Middels høge høglandshabitat er dei mest brukte habitat, tretti av dei førti artane finst i bandet mellom 1000 og 2000 moh.[2]
Føda til paradisfuglar er dominert av frukt og leddyr. Forholdet mellom dei to typar av mat varierer avhengig av art, med frukt dominerande hos einskilde artar, og leddyr som dominerande i dietten hos andre. Forholdet vil påverke andre aspekt av åtferd av arten, til dømes fruktetande artar har ein tendens til å beite oppe i trekroner, medan insektetarar kan søkje føde lågare ned. Fruktetarar er meir sosiale enn insektetarar, som er meir einslege og territoriale.[1]
Dei fleste artane har forseggjorte paringsritual, med paradisaea-artar ved hjelp av leikbasert paringssystem. Andre, til dømes Cicinnurus og Parotia-artar, har mykje ritualstyrte paringsdansar. Hybridisering er hyppig blant desse fuglane, det ymtar om at polygame artar av paradisfuglar er særs nærskylde trass ulike slekter. Jamvel om eksistensen av hybridar er reell, har somme ornitologar hypotesar om at minst nokre påståtte hybridar er gyldige artar som kan vere utdøydde.[3]
Paradisfuglar byggjer reiret av mjuke materialar, slik som lauv, bregnar og småkvistar. Vanlegvis plasserer dei reiret i eit tre.[4] Omfanget av kullet er noko usikkert. Hos store artar er det nesten alltid berre eitt egg. Mindre artar kan produsere kull på 2-3.[5] Egga blir klekt etter 16-22 dagar, og ungane forlèt reiret mellom 16 og 30 dagar gamle.[4]
I mange år vart paradisfuglar handsama som nært knytt til gartnarar. I dag er dei berre tenkt å vere fjernt nærskylde. Dei næraste slektningar av paradisfuglar evolusjonsmessig, er kråkefamilien Corvidae, monarkar Monarchidae og dei australske pottemakarfuglane, Corcoracidae.[1]
Nøyaktig avgrensing for denne familien har vore gjenstand for revisjon òg. Dei tre artane i satengfuglfamilien, Cnemophilidae, med slektene Cnemophils og Loboparadisea, vart handsama som ei gruppe av paradisfuglar. Trass morfologiske skilnader i munn, føter og i hekkevanar, var dei plassert i paradisfuglfamilien heilt til ein studie i år 2000 la framlegg om ein eigen familie nærare bærfuglar, Melanocharitidae.[6] Den same studien fann at gulskjermhonningetar, Macgregoria pulchra, tidlegare nemnd gulskjermparadisfugl, faktisk var medlem av den store australske honningetarfamilien. Dei to artane i slekta Melampitta, òg frå Ny-Guinea, har usikre slektstilhøve, var tidlegare tatt med i paradisfuglfamilien, men er no lista som sin eigen melampittafamilie.[7]
I tillegg til desse tre artane, har ei rekkje systematisk gåtefulle artar og slekter vorte sett på som potensielle medlemmer av denne familien.[1] Taveunisatengstjert, Lamprolia victoriae, på Fiji har vore knytt til paradisfuglar mange gonger sidan han vart oppdaga. Nyare molekylære bevis plasserer no taveunisatengstjert blant viftestjertar i familien Rhipiduridae.[8]
Paradisfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[7] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[9]
Slekt Lycocorax
Slekt Phonygammus
Slekt Manucodia
Slekt Pteridophora
Slekt Parotia
Slekt Seleucidis
Slekt Drepanornis
Slekt Semioptera
Slekt Lophorina
Slekt Ptiloris
Slekt Epimachus
Slekt Paradigalla
Slekt Astrapia
Slekt Cicinnurus
Slekt Paradisaea
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.