From Wikipedia, the free encyclopedia
Pannekake er ein matrett som blir laga ved å steika røre på takke eller steikepanne. I europeisk tradisjon er dei vanlegate pannekakeingrediensane kveitemjøl, salt, mjølk og egg. Andre stader kan ein bruka potet, bokkveite, ris- eller maismjøl, eller hevemiddel som bakepulver for å få tjukke pannekaker. Blodpannekake er ein særskild rett med blod, gjerne frå storfe eller reinsdyr, som hovudingrediens.
I den seinare tida har ein kunne fått kjøpt ferdigsteikte pannekaker, eller ferdigblanda pannekakemiks (som berre skal tilsetjast vatn), i butikkane.
I norsk tradisjon blir pannekaker gjerne etne som middagsrett med sukker, kanel, blåbærsyltetøy eller steikt flesk (bacon). Ein variant, fleskepannekake, blir steikt saman med fleskebitar. Pannekaker kan også brukast som dessert, då gjerne saman med piska krem og molte.
Tynne bretonske pannekaker (crêpes og galettes) er kjende over heile Frankrike, og blir servert i eigne crêperie. Ein kjend variant av dessse pannekakene er crêpes Suzette.
Nederlandske pannekaker (pannenkoeken) er noko tjukkare enn crêpes, og svært store, med ein diameter på rundt 30 cm. Pannekakene kan serverast på eigne restaurantar og kan ha ulike typar fyll, som ost, skinke, bacon, epleskiver, kandisert ingefær eller stroop (tjukk fruktsirup), kvar for seg eller i ulike kombinasjonar.
Nordamerikanske pannekaker inneheld er som regel laga av tjukk røre med hevemiddel. Røra kan også ha ingrediensar som jogurt, kjernemjølk, bær, frukt, sukker, sjokolade eller ost. Pannekaker er ein vanleg frukostrett og kan serverast med sirup til, til dømes lønnesirup.
I Storbritannia og Det britiske samveldet feirar ein ofte feitetysdag som pannekakedag (Pancake Tuesday eller Pancake Day) ved å laga pannekaker. Det kan også haldast pannekakeløp der deltakarane ber steikepanner med pannekaker i medan dei spring.
Fleire norske og tyske folkeeventyr fortel om ei pannekake som rullar vekk frå dei som vil eta henne. I andre land finst eventyret i variantar med andre løpske retter.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.