From Wikipedia, the free encyclopedia
Paleo-eskimoiske folk, også kjende som pre-Thule og pre-inuittar, var folkeslaga som budde i den arktiske regionen frå Tsjukotka i dagens Russland[1] til Nord-Amerika og Grønland før moderne inuittar og nærskilde kulturar («eskimoar») kom til. Dei fyrste kjende paleo-eskimoiske kulturane utvikla seg kring 2500 f.Kr., men blei gradvis erstatta i det meste av regionen, og den siste, dorsetkulturen, forsvann kring 1500 e.Kr.
Paleo-eskimoiske grupper inkluderte pre-Dorset; saqqaqkulturen på Grønland (2500–800 f.Kr.); Independence I- og Independence II-kulturen i Nordaust-Canada og Grønland (ca. 2400–1800 f.Kr. og 800–1 f.Kr.); Groswater frå Labrador og Nunavik, og dorsetkulturen (500 f.Kr. til 1400 e.Kr.), som spreidde seg over det arktiske Nord-Amerika. Dorset var den siste store «paleo-eskimoiske» kulturen i Arktis før migrasjonen frå aust frå Alaska av Thulekulturen, forfedrane til moderne inuittar .[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.