Pølse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Pølse (høgnorsk pylsa)[1] eller kurv er ein matrett laga ved å stappa mat, som regel kjøtmat, inn i eit hylster. Dei kan sidan kokast, spekjast eller røykast. Pølser er kjenneteikna av ei avlang sylinderform, og finst elles i ei rekkje utgåver: råe, t.d. medisterpølser, lett varmrøykte, t.d. wienerpølser, og dessutan salta, turr og kaldrøykte, t.d. spekepølser.[2]

Tradisjonelt har pølser hatt ilåt av tarmar. I nyare tid har ein teke i bruk kunsttarmar av kollagen, cellulose og plast. Inni ei pølse tek ein gjerne kverna kjøt laga av ulike dyr. Ein kan også ha i feitt, salt, urter og krydder. Det er også mogleg å laga pølser utan kjøt, fylte med til dømes tofu, nøtter, belgfrukter eller grønsaker.
Sjå òg
- Salami
- Pølse i brød
- Pölsa eller lungmos, ein svensk rett
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.