fugleslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Otus er ei biologisk slekt i uglefamilien som samlar ca. 55 nolevande kjende artar. Med det er Otus den klårt største ugleslekta målt i artsmengd, nær ein av fire av verdas artar i uglefamilien er ei Otus-ugle. I moderne forstand er slekta avgrensa til «den gamle verda». Alle i denne slekta er små og smidige ugler. Dei er farga i ulike kamuflerande fargetonar, nokre gonger med ei lysare underside og eller andlet, noko som bidreg til å kamuflere dei mot borken av tre. Nokre er polymorfe, og finst typisk i ein grå og ein raudbrun morf.
Otus | |
Landsbyugle, Otus bakkamoena Foto: Santosh Namby Chandran | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Otus Pennant, 1769 |
Namnet Otus er latinsk og tyder 'ugle med øyre'.[1] Nemninga på engelsk for denne slekta er 'Scops owls'.
Det største biologiske mangfaldet er i den indomalayiske regionen, der mange øyartar har blitt skildra. Berre dverghornugle (Otus scops) lever i Sør-Europa. Ho er den einaste langdistansetrekkfuglen av alle ugler, ho overvintrar i Afrika sør for Sahara.
Ugler av slekta Otus er små til mellomstore fuglar med ei gjennomsnittleg kroppslengde på ca. 20 centimeter og med berre mindre variasjonar. Medianlengda er ein centimeter kortare enn gjennomsnittet. Den minste arten etter lengde kan vere sokotraugle, Otus socotranus, på ca. 15–16 cm, ein art som er endemisk for øya Sokotra utanfor Afrikas horn.[2] Ein art skil seg ut som den største, dropeugle, Otus gurneyi, på 30 cm. Dropeugla lever på den store øya Mindanao i Filippinane, og nærliggande øyar.[3] Samanlikna med ugler i norsk fugefauna, er dei fleste Otus-ugler mest på storleik med ei sporveugle (15–19 cm), dropeugla er omtrent som hornugle, og mindre enn jordugle.[4]
Otus-ugler har kamuflerande, for det meste borkfarga gråbrun eller brun farge; den ventrale sida, buksida, av mange artar har tydelege mørke, og langsgåande strek. Nokre artar viser forskjellige, for det meste raudbrune og gråbrune fargemorfar. Øyrefjørene som er tilstades i alle artar er langt frå kvarandre; hos nokre artar endar dei rett ut og gir hovudet eit horna utsjånad. Øyrefjørene er av ulike lengder avhengig av arten og nokon artar blir skildra som øyrelause. Alle Otus-ugler har eit ansiktsslør, vanlegvis med ein klår kant. Nokre artar har fjørkledde bein ned til tærne, hos andre er beina likevel stort sett fjørlause. Kjønna er like i utsjånad.
Dei fleste Otus-ugler er nattlege jegerar etter store flygande insekt. Berre dei største artane fangar regelmessig virveldyr som mus, spissmus, fuglar, krypdyr og amfibium, men virveldyr speler ei viss rolle som sporadisk byttedyr for alle artar. Enkeltartar har spesialisert seg på gekkoar som dei jaktar om natta.
Otus-uglene lever primært som einslege fuglar, og jaktar frå utkikkspostar i halvopne landskap. Dei føretrekker område som inneheld gamle hòle tre. Så langt det er kjent, er Otus-ugler hovudsakleg hòlerugarar; dei bruker naturlege hòl eller hakkespettreir som ein hekkeplass.
Under rugetida vil hannen mate hoa som rugar. Desse fuglane er monogame, begge foreldra tar omsut for avkommet.
I motsetnad til Megascops-uglene, har Otus-uglene berre éin type læte. Denne består av ein serie av korte fløytetonar eller høgfrekvente skrik, gjeve med ein frekvens på 4 støyt per sekund eller færre, eller av ein einskild, utstrekt fløytetone. Ropa varierer mykje mellom artar i type og tone, og i feltet er ofte lætet det første teiknet på desse at fuglane er tilstades, så vel som det mest pålitande middel for å skilje mellom artar. Nokre, som den nyleg skildra arten serendibugle, Otus thilohoffmanni, vart oppdaga fordi vokaliseringa var ukjend for ekspertar i fuglelæte.[5]
Otus-ugler er vanlege i Afrika, med unnatak av ørkenområda og regnskogbeltet, i Sør-Europa og i Sentral-, Sør- og Søraust-Asia. Slekta er fråverande i Sentral- og Nord-Europa og lever stort sett sør for den boreale sona i Asia. Dverghornugle, Otus scops, og orientugle, Otus sunia, treng inn lengst mot nord. Dei nordlegaste leveområda deira ligg på den sørlege grensa av taigaen, i aust nord til midten av Sakhalin. Slekta Otus er ikkje representert på det amerikanske dobbeltkontinentet, og ingen ugler av denne slekta hekkar i Australia.
Mange artar er endemiske for svært små område eller øyar i Wallacea. Andre har store, samanhengande utbreiingsområde slik som dverghornugle i Sør-Europa og sentrale Asia, orientugle i Asia, ravineugle, Otus brucei, i Midtausten og vestlege Asia, halsbandugle, Otus lettia, i Søraust-Asia og ei smal stripe sør for Himalaya til nordaustlege Pakistan, landsbyugle, Otus bakkamoena, over det indiske subkontinentet og akasieugle, Otus senegalensis, i Afrika sør for Sahara.
Dei fleste Otus-ugler er standfuglar. I tillegg til den eurasiske dverghornugle, der dei fleste populasjonane er langdistansetrekkfuglar, migrerer nordlege populasjonar av ravineugle, kamiugle, Otus semitorques, og orientugle. Småskala trekk og vertikale kompenserande rørsler er òg rapporterte av andre artar.
Føretrekte naturtypar til desse uglene er høgst varierande. Laust trekledde landskap er attraktive for dei fleste artane, nokre artar føretrekker tørre habitat og trengjer inn i utkanten av ørkenar. Dei austasiatiske artane er derimot òg funne i tropiske skogar. Men sjølv desse unngår vanlegvis tett skog og gjer òg bruk av opne skogsområde, opningar etter hogst, brannar eller stormhendingar. Tre langs elvar blir nytta av mange tropiske artar. Menneskeskapte landskap som gummi- eller fruktplantasjar, eller store parkar blir ofte brukte.
Artar av slekta Otus lever både i låglandsregionar og i alpine regionar. Til dømes hekkar sulawesiugle, Otus manadensis i parkar og i utkanten av mange kystbyar på Sulawesi, så vel som i tåkeskog i over 2500 meters høgde.
Avhengig av den vitskaplege ståstaden, famnar slekta Otus om ca. 50 til 55 artar. Mangfaldet blant øyartar er stort og slektsskap mellom artar på Sundaøyane og Komorane er uklår.
Mellom år 2008 og 2021 har omtrent 10 artar komme til i sjekklister. Denne auka skuldast både taksonomiske revisjonar og nye funn,[6] til dømes blei storfilippinarugle, Otus megalotis, splitta opp i tre artar i 2012, slik at negrosugle, Otus nigrorum og småfilippinarugle, Otus everetti, kom inn som nye artar.[7] I 2012 blei òg lombokugle, Otus jolandae, skildra som eit nytt takson.[6]
Grensene for artar og underartar for Otus-ugler er ustabile og varierer mellom autoritetane.[6] Her følger Otus-ugler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[8] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[9] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[10]
I tillegg er Otus tempestatis, engelsk 'Wetar Scops-owl' (LC), (Hartert, 1904), skildra som ein art hos Birdlife International.[11]
Fleirtalet av artane er øyartar eller er innskrenka på andre små område, og er følgjeleg sårbare artar.[12] Døme på trugsmål for dei trua austasiatiske uglene og artane på Komorane er ukontrollert skogshogst mange stader og omdanning av primærskog til plantasjar.
Artar som er raudlista hos BirdLife International per september 2021.
Åtte artar er lista som sårbare, av dei seks artar som er avgrensa til små øyar.
Sju artar er sterkt trua, av dei tre artar på Komorane utanfor Mosambik
Andre i status EN:
Ein kjenner tre artar av Otus-ugler som døydde ut etter år 1500. Dei levde på øyane Réunion, Rodrigues og Mauritius i Indiahavet.[21]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.