From Wikipedia, the free encyclopedia
Rosa Reichert, kjend som Ossi Reichert, (25. desember 1925–16. juli 2006) var ein tysk alpin skirennar, fødd og død i Gunzesried i Bayern. Ho vart olympisk meister i storslalåm i 1956.
Ossi Reichert | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 25. desember 1925 Sonthofen |
Død |
16. juli 2006 (80 år) |
Yrke | alpinist |
Språk | tysk |
Ossi Reichert på Commons |
Reichert deltok i Vinter-OL 1952 i Oslo, der ho etter ein åttandeplass i den nye øvinga storslalåm på Norefjell, i Rødkleiva tok sølvmedaljen i slalåm bakom Andrea Mead Lawrence frå USA, og framom landskvinna Annemarie Buchner som tok bronsemedaljen. Under VM i alpine greiner 1954 i svenske Åre vart Reichert atter best i slalåm, då med ein sjetteplass.
To år seinare vann Reichert gullmedaljen i storslalåm under vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo. Med tida 1.56,5 vann ho ein klar siger, 1,3 sekund føre sølvvinnar Josefa Frandl frå Austerrike.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.