norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Oskar Skogly (4. februar 1908–16. februar 1988) var ein norsk organisasjonsmann og politikar frå Fåberg i Oppland. Han var seks månader i 1963 kommunal- og arbeidsminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering, samt stortingsrepresentant frå 1958 til 1969.
Oskar Skogly | |||
Fødd | 4. februar 1908 Fåberg kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 16. februar 1988 (80 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, fagforeiningsleiar | ||
Alle verv |
|
Skogly gjekk både på lærlingskule og teknisk kveldsskule i åra frå han var 14 til 18. Frå 1932 til -36 gjekk han i målarlære. Han arbeidde så som målar nokre år. I 1945 vart han tilsett styrar ved Bygningsarbeidernes målekontor for Hedmark og Oppland. Deretter var han frå 1952 forbundssekretær i Hedmark og Oppland fram til 1958.
Skogly var medlem av heradsstyret i Fåberg frå 1937, ordførar i tolv år frå 1945. Seinare var han medlem i Lillehammer bystyre i to åtskilde periodar; 1964-71 og 1976-79. Gjennom fleire tiår var han med i styringa av ei mengd offentlege verksemder og tiltak. Til dømes var han formann i Hunderfossen interkommunale kraftselskap 1946-76, Sjukehusnemnda i Oppland 1949-57, Helsenemnda i Oppland 1949-57, Hovudstyret i Den Norske Stats Husbank 1966-78 og Det regionale høgskulestyret for Oppland 1976-84.
Skogly møtte på Stortinget i tre samanhengande valperiodar; 1958-61, 1961-65 og 1965-69. Han var medlem i Kommunalkomiteen 1958-63 og Sosialkomiteen 1963-69, og var formann i fyrstnemnde 1961-63 og sistnemnde 1965-69.
Den 4. februar 1963 vart Skogly utnemnd til kommunalminister i Gerhardsen III-regjeringa. Under handsaminga av Kings Bay-ulykka 1962 mista regjeringa styringa med debatten. Rapporten frå Tønseth-kommisjonen, utpeika av regjeringa, om ulykka kom til departementet kort tid før Stortinget skulle avslutte sesjonen i juni 1963. Skogly sende rapporten til pressa med sperrefrist same dag som Stortinget skulle oppløysast. Då opposisjonspartia fekk kjennskap til dette, vart oppløysinga utsett, og i august 1963 fall regjeringa etter eit mistillitsvotum i Stortinget. Då Einar Gerhardsen skipa si fjerde regjering hausten 1963 fekk ikkje Skogly nokon ministerpost, noko han tok seg svært nær av.[1]
Skogly fekk kongens fortenestmedalje i gull i 1978.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.