From Wikipedia, the free encyclopedia
Olav Toreson Beito (30. mars 1901–28. september 1989) var ein norsk professor og språkforskar.
Olav T. Beito | |||
Fødd | 30. mars 1901 Øystre Slidre kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 28. september 1989 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Olav T. Beito vart fødd i Øystre Slidre med foreldra Marit Engebretsdotter og Tore Andersson Beito.[1] I 1923 tok han eksamen artium ved Voss offentlege landsgymnas. Han vart cand.philol. i 1932 og dr.philos. i 1942 på avhandlinga R-bøygning. Etterrøknader i norsk formlære.
Beito arbeidde i Norsk Ordbok i 1943–45 og 1953–57. Han vart dosent i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1957 og professor i nordisk målvitskap 1959–71. Samtidig var han styrar for Norsk målførearkiv. Avhandlinga Genusskifte i nynorsk var eit pionerverk innanfor arbeidet med genus i norsk, også i seinare grammatikalske verk kjem Beito attende til dette temaet. Beitos Nynorsk grammatikk : Lyd og ordlære som kom i 1970, var den mest omfattande grammatikken etter Ivar Aasens Norsk Grammatik.
Beito var medlem av Norsk språknemnd 1957–72 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1951.
Olav T. Beito døydde i Oslo.
(Utdrag)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.