Oklahoma

From Wikipedia, the free encyclopedia

Oklahoma

Oklahoma (uttalt: /ˌoʊkləˈhoʊmə/)[1] er ein delstat som ligg i den sørleg-sentrale regionen i USA. Oklahoma City er staten sin hovudstad og største by. Med ca. 3,5 millionar innbyggjarar er Oklahoma den 28. mest folkerike staten i USA. Staten blei oppretta frå Indianerterritoriet sine område 16. november 1907, og blei den 46. staten som blei med i unionen. Staten sitt namn skriv seg frå dei to Choctaw-orda okla og humma, som betyr «det raude folk». Namnet blei vald av Allen Wright, sjef for Choctawnasjonen.[2]

Kjappe fakta Land, Hovudstad ...
Oklahoma
delstat
Thumb
Flagg
Thumb
Våpen
Land  USA
Hovudstad Oklahoma City
Areal 181 035 km²
   land 177 846 km²
   vatn 3 189 km²
Folketal 3 930 864  (2017)
Folketettleik 22 / km²
Guvernør Kevin Stitt (R)
Innlemma i USA 16. november 1907
Statsnummer 46.
Forkorting OK
Thumb
Oklahoma
35.5°N 98°W / 35.5; -98
Thumb
Kart som viser Oklahoma.
Kart som viser Oklahoma.
Wikimedia Commons: Oklahoma
Nettstad: ok.gov
Lukk

Som ein stor produsent av naturgass, olje og mat, baserer Oklahoma seg på dei økonomiske sektorane: luftfart, energi, telekommunikasjon og bioteknologi.[3] Staten sin økonomi er i ein sterk vekstperiode, og Oklahoma er blant dei leiande statane når det gjeld vekst i bruttonasjonalproduktet.[4][5] I tillegg er auken i BNP per innbyggjar tredje størst i landet. Oklahoma City og Tulsa er Oklahomas største økonomiske basar. Oklahoma kan kallast ein urbanisert stat, då heile 60 % av innbyggjarane bur i urbaniserte metropolområde.

Med sine små fjellrekkjer, præriar og austlege skogar, ligg mesteparten av Oklahoma i regionane Great Plains og Ozark Highlands. Sistnemnde er spesielt utsett for torevêr.[6] Det er folk med tysk, irsk og innfødd amerikansk avstamming som dominerer det etniske biletet i staten, og det blir snakka meir enn 25 innfødde språk i staten, eit tal som overgår alle andre statar.[7] I dag finst det fleire hovudkvarter for indianarstammer i denne staten enn i nokon annan. Oklahoma er lokalisert i eit område kor tre kulturelle regionar møtast, og historisk sett har staten vore ein destinasjon for kvegfarmarar, ein destinasjon for sørlege nybyggjarar og eit stadfesta territorium for innfødde amerikanarar. Religiøst sett er staten ein del av bibelbeltet, eit område kor konservativ evangelisk kristendom har ein dominerande posisjon. Staten er altså kjend for å vere konservativ, men på tross av det har det meir liberale demokratiske partiet meir registrerte stemmar enn det konservative republikanske.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.