Wikipediaprosjekt på nynorsk From Wikipedia, the free encyclopedia
Nynorsk Wikipedia er eit fritt oppslagsverk på nynorsk og ein del av Wikipedia-prosjektet.
Nynorsk Wikipedia | |||
| |||
Type nettstad | Wikipedia-språkutgåve, flersproglig Wikipediautgave | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | nynorsk, høgnorsk | ||
Grunnlagd | 31. juli 2004 | ||
Eigar | Wikimedia Foundation | ||
Nettstad | nn |
Nynorsk Wikipedia vart oppretta den 31. juli 2004, og har sidan den første artikkelen, om øya Sekken, produsert 170 960 artiklar. Nynorsk Wikipedia kallar seg Wikipedia – Det frie oppslagsverket.
Nynorsk Wikipedia passerte
Nynorsk Wikipedia byggjer på wikikonseptet. Det vil seie at alle som ønskjer det kan skrive nye artiklar eller endre gamle artiklar som dei ønskjer det. Med andre ord kan ein seie at Nynorsk Wikipedia er eit dugnadsprosjekt mellom fleire tusen registrerte brukarar og eit ukjent tal av uregistrerte brukarar. Heilt tilsvarande prosjekt finst på bokmål og riksmål[1] og på over 200 andre språk.
Alt oppslagsverket publiserer vert publisert under ein fri dokumentlisens. Det vil hovudsakleg seie at alt innhald i Nynorsk Wikipedia kan kopierast, distribuerast og brukast fritt; heilt utan vederlag – so lenge det går klårt fram at kjelda til informasjonen er Nynorsk Wikipedia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.