From Wikipedia, the free encyclopedia
Nye klede er klede som ikkje er blitt brukt før. Dei blir i dag selde ferdigsydde på marknader og særleg i klesbutikkar. Tidlegare var det vanlegare å laga dei sjølv, eller få dei laga etter mål av ein skreddar eller sydame. Klede som ikkje er nye kan vera brukte klede som er arva og omsydde eller kjøpte brukt.
I ulike tradisjonar kan det vera eller ha vore viktig å ha nye klede til særskilde høve, som høgtider, festar og overgangsseremoniar.
I kristen kultur har det mellom anna vore vanleg å ha nye klede til høgtider som pinse og påske. Denne skikken er dokumentert i Storbritannia frå 1625 til 1985. Han var særleg viktig i Yorkshire og Lancashire i England, der kyrkjelydar kunne gå i Whit Walks, pinseopptog med musikk til i dei nye kleda sine. Sør i Yorkshire gjekk ungar på besøk til naboar for å visa fram dei nye kleda sine og kanskje få nokre pengar for det.[1] I Noreg har det lenge vore vanleg med nye klede til jul.[2]
I jødisk tradisjon kan ein ha nye klede til rosj hasjanah (nyttår), men ein del sefardiske jødar vil unngå dette for ikkje å virka overtrygge på si eiga frelse.[3]
I muslimsk tradisjon er det vanleg å ha eller gje nye klede til id, feiringa ved slutten av ramadan. For nokre er det rekna som lukkebringande å kjøpa alle kleda for det komande året i løpet av ramadan.[4]
I hindutradisjon og andre indiske kulturelle hendingar kan ein gje og ha på seg nye klede til høgtider som dipavali, bihu, pongal, onam og sankranti. I buddhismen og tilknytte kulturar kan ein ha nye klede til høgtider som buddhistisk, kinesisk og vietnamesisk nyttår og losar.[5]
Andre høgtider ein kan ha nye klede til er feiring av nasjonaldagar som 17. mai.
I overgangsseremoniar som namngjevingseremoniar, skulestart,[6] konfirmasjon[7] og bryllaup kan deltakarane gjerne ha nye klede. Ein utbreidd engelsk bryllaupstradisjon seier til dømes at ei brur skal ha «noko gammalt, noko nytt, noko lånt, noko blått». Sidan 1800-talet har det blitt stadig vanlegare å kjøpa ein spesialsydd ny brudekjole til bryllaupet som sidan sjeldan blir brukt om att.[8]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.