From Wikipedia, the free encyclopedia
Numedalsbanen er den 92,8 km lange jarnbanestrekninga frå Kongsberg stasjon til Rødberg stasjon (i Nore og Uvdal kommune). Heile strekninga ligg i Buskerud fylke.
Numedalsbanen | |
Numedalsbanen ved Bjørnsrud i Flesberg. Delar av banen øydelagt pga flom i 2002. | |
Info | |
Type | Jernbane |
System | Enkeltspora uelektrifisert bane |
Status | Sidebane utan regulær trafikk nord for Flesberg Persontransport innstilt 31. desember 1988 |
Utgangsstasjon | Kongsberg |
Endestasjon | Rødberg |
Drift | |
Opna | 1927 |
Eigar | Bane Nor |
Type trafikk | Gods |
Teknisk | |
Lengde | 92,8 km |
Bruer | 18 |
Tunnelar | 17 |
Planovergangar | 128 |
Numedalsbanen vart offisielt opna den 19. november 1927[1] med Haakon VII og kronprins Olav til stades.
Numedalsbanen vart nedlagd frå 1. januar 1989.[1] I nokre planar var det tenkt at banen skulle verta ein del av Bergensbanen. Det var damplokomotiv på Numedalsbanen fram til 1970.[2] Etter det vart det nytta diesellokomotiv fram til banen vart nedlagd.
Numedalsbanen vart freda av Riksantikvaren i 2013. Fredinga omfattar 70 stader, både stasjonar og tunellar.[2]
Hausten 2013 vart ei 30 km lang strekning frå Kongsberg til Flesberg opna for transport av flis og massevirke til Moelven Numedal i regi av Grenland Rail.[3] På Flesberg vart det etablert ein tømmerterminal.[4] Etter ei avsporing i april 2014 vart alle sviller bytta, og strekninga til Svene pukkverk var ferdig i november same år, medan resten var ferdig i mai 2016.[5] I 2018 vart det kjørt 2-3 godstog i veka med massevirke frå Moelven Numedal til fabrikkar i Sverige.[6]
I samband med utreiing av togoppstilling på Kongsberg stasjon er to av alternativa, Storemyr og Nordre Spiten, med i vurderinga. I fall eit av desse skulle bli valt, vil det medføre elektrifisering av strekninga ned til Kongsberg stasjon.[7]
Teiknforklaring | ||||||||||
| ||||||||||
192,21 km | Rødberg stasjon (1927) | 370,9 moh. | ||||||||
Uvdalselva (35 m) | ||||||||||
190,29 km | Rødberg vakterbustad (1929) | |||||||||
Hvilsten (16 m) | ||||||||||
Gvamsås V (83 m) | ||||||||||
Gvamsås IV (92 m) | ||||||||||
Gvamsås III (156 m) | ||||||||||
Gvamsås II (152 m) | ||||||||||
Gvamsås I (25 m) | ||||||||||
186,76 km | Gvammen (1927) | |||||||||
sidespor til Nore II kraftanlegg | ||||||||||
Bondeberg (140 m) | ||||||||||
Vrennedalen II (45 m) | ||||||||||
Vrennedalen I (12 m) | ||||||||||
Sandnes II (92 m) | ||||||||||
Sandnes I (92 m) | ||||||||||
184,01 km | Søndre Sandnes (1929) | |||||||||
182,29 km | Midtstigen (1929) | |||||||||
Rundberg (146 m) | ||||||||||
180,74 km | Svendsrud (1929) | |||||||||
178,18 km | Norefjord (1927) | |||||||||
Eidsåa (30 m) | ||||||||||
175,07 km | Eidsstryken (1927) | |||||||||
171,28 km | Kittelsland (1929) | |||||||||
169,51 km | Kravikfjord (1927) | |||||||||
Geiteryggen II (246 m) | ||||||||||
Geiteryggen I (572 m) | ||||||||||
166,82 km | Fossebrekke (1929) | |||||||||
164,36 km | Kjerre (1927) | |||||||||
162,25 km | Tveitkåsa (1935) | |||||||||
160,18 km | Veggli stasjon (1927) | |||||||||
Veggli elv (30 m) | ||||||||||
158,40 km | Risteigen (1930) | |||||||||
Vamre (1976) | ||||||||||
155,72 km | Laugi (1927) | |||||||||
Bruhaug bru over Lågen (65 m) | ||||||||||
154,63 km | Bjorsåte (1972) | |||||||||
153,34 km | Bråten (1960) | |||||||||
151,87 km | Rollag kyrkje (1958) | |||||||||
150,80 km | Tråen (1927) | |||||||||
147,17 km | Rollag (1927) | |||||||||
144,70 km | Kjome (1930) | |||||||||
Selsteigen (44 m) | ||||||||||
Selsteigen (1958) | ||||||||||
Gygrestigen (57 m) | ||||||||||
Ulvik (78 m) | ||||||||||
141,00 km | Djupdal (1927) | |||||||||
Helle (228 m) | ||||||||||
137,70 km | Fossan (1929) | |||||||||
135,71 km | Bakkerud (1927) | |||||||||
Fv101 | ||||||||||
Bjørnsrud (1930) | ||||||||||
Rv40 | ||||||||||
129,49 km | Flesberg (1927) | |||||||||
Fv98 | ||||||||||
sidespor til Numedal bruk | ||||||||||
127,95 km | Eie (1930) | |||||||||
125,22 km | Vangestad (1927) | |||||||||
Rud (1929) | ||||||||||
122,60 km | Fløtterud (1930) | |||||||||
Lyngdalselva (27 m) | ||||||||||
119,87 km | Lampeland (1927) | |||||||||
118,08 km | Toresplassen (1962) | |||||||||
Furuly (1976) | ||||||||||
115,63 km | Svene (1927) | |||||||||
Rv40 | ||||||||||
113,00 km | Ramsrud (1930) | |||||||||
Svene pukkspor | ||||||||||
110,96 km | Herbru (1928) | |||||||||
109,18 km | Gleda (1927) | |||||||||
105,26 km | Pikerfoss (1927) | |||||||||
Bævergrendveien Fv88 | ||||||||||
102,19 km | Spiten (1929) | |||||||||
Withs gate Fv88 | ||||||||||
Sørlandsbanen frå Hjuksebø stasjon | ||||||||||
99,37 km | Kongsberg (1917) | 161,9 moh. | ||||||||
Sørlandsbanen til Hokksund |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.