Notfiske
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ved notfiske prøver fiskaren å få fisken innesperra. Oftast reknar ein nota som ein aktiv fiskereiskap; det vert arbeidd aktivt for å stenge fisken. Not er eit nett av tråd. I motsetning til garnfiske ynskjer ein ikkje at fisken skal sette seg fast i sjølve nettet. Difor bruker ein nøter med heller små mauskar.
Notfiske har vorte drive på svært mange ulike måtar.
Ei landnot vert sett frå ein eller to båtar rundt fiskestimen. Båe endane vert fest til land antan direkte eller med sterke tampar, drottar. Nota vert dregen til lands etter dei to tampane. Før sjølve nota har nått til lands, og før ho stenger mot botnen kan fisken kome seg fri. Heile nota vert dregen i land, slik at fangsten kan takast hand om. Slikt fiske, gjerne kalla landnotfiske, var tidlegare ein vanleg måte for sildefiske.
Ved søkkjenotfiske lèt ein ei not ligge flatt på botnen, gjerne ein stad der ein ventar at fisken samlar seg. Når ein ser eller trur at fisken står over nota, vert alle fire hjørna inndregne i kvar sin båt slik at nota lagar ein pose, og fisken vert fanga. Det er gjerne sei som har vorte fanga på denne måten.
Kilenot er ein passiv fiskereiskap som vert brukt til laksefiske. Utsette leidegarn fører laksen til opninga i fangstdelen. Når han kjem inn der har han vanskar med å finne opningen ut og vert gåande i ring til fiskaren kjem. I elvar har ein liknande fangsmåte, flåtefiske, vorte brukt. Då er fangstposen festa under ein flåte i elva. På flåten er det vakt som tek fisken or nota. Dette kjenner ein til frå Numedalslågen[1].
Ei sitjenot, eller giljenot, står opa i sjøen. Ho vert vakta frå land. Når vakta ser at det går laks i nota vert ho stengd, og vakta ror ut og hentar fangsten. Ofte ligg det nedsenka kvite flakar så det skal vere lettare å sjå laksen når han går inn i nota. På land er det gjerne ein høg stillas slik at den som vaktar kan få betre oversikt. Slike nøter har gjerne vorte brukte i lakseverpe.
Med snurpenot fangar ein pelagisk stimfisk som sild, lodde, makrell og sei. Ved hjelp av to notbåtar vert nota sett i ein ring rundt stimen. I nedre kant av nota går ei snurpeline som gjer ho kan snurpast saman til ein sekk. Så vert nota hala inn i båtane, slik at fisken vert samla i ein så liten sekk at han kan håvast eller pumpast inn i fiskefartøyet. Norske fiskarar fekk dei første snurpenøtene frå USA, og brukte snurpenot første gong under islandssildfiske i 1903. Ringnot er snurpenot som vert brukt av fiskefartøy utan notbåtar.
Ringnot er ei snurpenot som vert fiska med utan bruk av dorriar. Utsetting og innsnurping foregår frå fiskefartøyet. Ho vert sett ut over hekken, og til vanleg snurpa opp og teka ombord ved hjelp av kraftblokk. Under siste del av snurpinga vert nota festa til skutesida. Fangsten vert pumpa ombord i fiskefatøyet med ei fiskepumpe. Når nota er tømd, vert ho teken ombord og klargjort til neste kast. Ei sildenot kan vere opp til 450 famner (meir enn 800 meter) lang og 130 famner (omlag 230 meter) djup. Mauskestorleiken på sildenota er nær 30 omfar (Mauskar på alen). Snurpelina som vert brukt til å snurpe nota saman i botnen er av wire.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.