From Wikipedia, the free encyclopedia
Norðurstreymoy (IPA: [noːrstrɛimi]:, dansk: Nordstrømø) er ein landsdel på Færøyane. Den 1. januar 2016 hadde Norðurstreymoy 3 776 innbyggjarar, fordelt på 17 bygder.[1] Norðurstreymoy omfattar dei to nordlegaste tredjedelane av øya Streymoy. Norðurstreymoy vert avgrensa mot Suðurstreymoy mellom Kollafjørður og Kaldbaksfjørður i aust og mellom Skælingur og Norðradalur i vest.[2]
Norðurstreymoy | |||
region | |||
Prestegarden på Norðurstreymoy ligg ved Kvívíkar kirkja. Foto: Eileen Sandá | |||
Land | Færøyane | ||
---|---|---|---|
Norðurstreymoy og Suðurstreymoy utgjer éin syssel i politi- og rettsvesenet. Sidan 2010 har Streymoy, Vágar og Sandoy syslar utgjort eigne rettskretsar, men eitt felles politidistrikt.[3]
Norðurstreymoy utgjer eit prestegjeld i Fólkakirkjan med soknekyrkjene Vestmanna, Kvívík, Kollafjørður, Hósvík, Hvalvík, Saksun, Haldarsvík og Tjørnuvík.[4] Den 1. januar 2015 var 89,7 % av folkesetnaden i prestegjeldet medlemmar av kyrkja.[5]
Mellom 1854 og 2008 utgjorde Norðurstreymoy ein valkrins til Lagtinget.
Norðurstreymoy er inndelt i kommunane Vestmanna, Kvívík og Sundini. Sundini omfattar òg bygder på Eysturoy. Bygdene ved Kollafjørður tilhøyrer hovudstadskommunen Tórshavn, som òg omfattar heile Suðurstreymoy.
I Færøyane sitt skipsregister høyrer Norðurstreymoy, unntatt Kollafjørður, til Vestmanna (VN).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.