From Wikipedia, the free encyclopedia
Norsk salmebok 2013 : For kyrkje og heim (N13) er hovudsalmeboka i Den norske kyrkja. Boka vert tatt i bruk 1. søndag i advent 2013 der kyrkjelyden har gjort vedtak om det.
Salmedelen av Norsk salmebok 2013 står på nr. 1–899 i boka, og inneheld
Det kan i nokre tilfelle vere to eller fleire tekster til eitt nummer i boka, sidan nokre salmar står på meir enn eitt språk, og desse salmane er gitt att på same hovudnummer i boka. Nær 40 % av dei norske salmetekstane er gitt att på nynorsk, vel 60 % på bokmål.
Salmane nr. 2–274 er ordna etter kyrkjeåret. Frå nr. 275 er temaet Gud, skaparen vår, frå nr. 335 Guds nåde i Jesus Kristus, frå nr. 512 Den heilage ande og kyrkja, frå nr. 701 Mennesket i Guds verd, frå nr 855 døden og det evige livet. På nr. 900–991 står det bibelske salmar og liturgiske ledd.
Den norske kyrkja starta arbeidet med revisjon av hovudsalmeboka i 2004. Den endelege utforminga av boka vart vedtatt på kyrkjemøtet i 2012. Kyrkja har lagt vekt på å få større sjangerbredde enn i tidlagere salmebøker, ved at det i tillegg til dei tradisjonelle salmane er tatt inn gospel, spirituals, såkalla moderne lovsang og viser. I tillegg til salmar på norsk, svensk og dansk er innsalg av salmar på dei tre samiske språka og kvensk.
Norsk salmebok 2013 er gitt ut på Eide forlag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.