Nordre Bergenhus Amt er eit gamalt namn på Sogn og Fjordane fylke. Nemninga fylke om eit administrativt område slik me kjenner det i dag, er av ny dato. Før 1919 heitte fylka amt.

Bergenhus amt delt i to

Bergenhus amt vart i 1763 delt opp i Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt (seinare Hordaland fylke). Nordre Bergenhus Amt inneheldt dei fire futedøma Nordfjord, Sunnfjord, Ytre Sogn og Indre Sogn. Frå 1. januar 1919 er området eit fylke, Sogn og Fjordane fylke.

Kaupanger-Bergen-Lærdalsøyri-Leikanger

Den første amtmannen, Joachim de Knagenhjelm hadde sete på Kaupanger. I tida 1771-1852 budde ingen av fylkesmennene i Sogn og Fjordane; Dei heldt til i Bergen den tida dei var fylkesmenn. Frå 1840 hadde amtmannen sete i Lærdal. I 1862 flytte amtmann Johan Collett Falsen frå Lærdal til Leikanger etter å ha kjøpt garden Nybø. Falsen selde straks etter til Staten ved Opplysningsvæsenets Fond som kjøpte garden til embetsgard. Det skjedde ved kongeleg resolusjon 11. april 1863.[1]

Amtmenn

Sjå òg

Referansar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.