From Wikipedia, the free encyclopedia
Nordmannen er eit dikt skrive av Ivar Aasen, betre kjent som Mellom bakkar og berg. Diktet kom første gong ut i diktsamlinga Symra i 1863. Delar av diktet vert mykje brukte, og frå 1998[1] til 30. juni 2007[2] blei dei to første strofene graverte inn på nye alle nye, norske førarkort.
Diktet har kome ut i fleire utgåver, tre «offisielle» men òg fleire. I «Lauvduskar II» Chr.a 1868 hadde diktet heile 8 strofer.
1. Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
2. Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
«Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.»
3. Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.
4. Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.
5. Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.
Frå Ivar Aasen: Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim. Tridje Utgaava. (Med Notar.) Kristiana. Forlagt av P.T. Mallings Boghandel. 1875. Side 6-7. Elektronisk utgåve ved Det Norske Samlaget/Nynorsk kultursentrum 2003.
Aasen arbeidde og forkasta fleire strofar før han vart nøgd med diktet. Det vart difor utgjeve ei rekkje gonger før den endelege versjonen kom på prent. Nokre av dei mindre kjende versa er framleis[treng kjelde] nytta av Raud Ungdom, Norsk Målungdom og Natur og Ungdom. Særskilt den siste av desse strofane vart nytta under folkeavrøystinga om medlemsskap i EU i 1994.
Sud om havet han stundom laut skrida,
der var rikdom på benkjer og bord.
Men kringum såg han trældomen kvida,
og so vende han atter mot nord.
Lat no andre om storleiken kivast
lat deim bragla med rikdom og høgd
Millom kaksar eg litet kann trivast
Millom jamningar helst er eg nøgd
Lat deim hava den æra dei kunna
og sin rikdom og styrkje dertil
når då berre dei meg villa unna
og få rå om min arv som eg vil.
Ottar Grepstad har halde fram at ein helst skal akte på Aasen sine val av strofar, og halde seg til dei endelege fem som er attgjevne øvst. Desse andre har likevel vore nytta i ungdomsrørslene i fleire år.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.