From Wikipedia, the free encyclopedia
Nº 1 in Heaven er det åttande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks. Det vart spelt inn med den italienske discoprodusenten Giorgio Moroder og markerte ei musikalsk endring for gruppa som påverka seinare synth-pop-band.
Nº 1 in Heaven Studioalbum av Sparks | ||
Utgjeve | Mars 1979 | |
Innspelt | 1978 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 33:44 | |
Selskap | ||
Produsent | Giorgio Moroder | |
Sparks-kronologi | ||
---|---|---|
Introducing Sparks (1977) |
Nº 1 in Heaven | Terminal Jive (1980)
|
Singlar frå Nº 1 in Heaven | ||
|
Albumet kom ut i 1979 på Virgin Records (dei første eksemplara på farga vinyl) og seinare på Elektra Records i USA. Nº 1 in Heaven skapte ny interesse i bandet etter skuffande sal for dei to føregåande albuma Big Beat og Introducing Sparks. Det er det einaste albumet bandet gav ut på Elektra, det fjerde selskapet deira i USA.
I 1973 flytta Sparks frå USA til Storbritannia og besetninga vart endra til å bestå av innleigde engelske musikarar på gitar, bass og trommer. Sparks fekk med det den første perioden sin med suksess, då både singlar og album selde godt og dei fekk god kritikk hos kritikarane. Etter Indiscreet i 1975, det tredje av Sparks-albuma medan dei var i Storbritannia, selde mindre enn dei to føregåande albuma. Mael-brørne valde då å flytte attende til Los Angeles for å fornye gruppa igjen.
Då dei vende heim att arbeidde dei i starten med det tidlegare Sparks-medlemmet Earle Mankey og spelte inn songen «England» med han. Etter kvart tok gruppa kontakt med Rupert Holmes og spelte inn det tyngre og meir produserte Big Beat (1976) med ei rekkje studiomusikarar. Sjølv om albumet nytta ein meir «amerikansk» stil, selde det dårleg i USA og Storbritannia. Det neste albumet, Introducing Sparks (1977), var langt lettare, men selte ikkje noko betre enn Big Beat. Denne nye «vestkyst-stilen» vart rekna som mislykka, og bandet følte at resultata var «heilt utan personlegdom».[8]
I 1978 fann Mael-brørne seg ved eit vegskilje. Dei var lei av rockebandformatet og ønskte å ta musikken sin i ei meir elektronisk retning. Dei hadde uttrykt beundring for den banebrytande, italienske produsenten Giorgio Moroder, som skapte den ikoniske discosongen «I Feel Love» for Donna Summer, for ein tysk journalist som viste seg å vere ein ven av Moroder. Sparks slo seg så saman med Moroder og spelte inn Nº 1 in Heaven i Musicland Studios i Vest-Tyskland.
Nº 1 in Heaven har ein fullstendig anna stil enn dei sju tidlegare albuma til Sparks. gruppa droppa vanleg gitar, bass og piano frå musikkpaletten sin og den nye stilen var dominert av lagvise sekvensarar og synthesizerar, i lag med trommer og perkusjon av Keith Forsey. Den særeigne falsetten til Russell Mael låg over ei rekkje lydspor og vart utfylt av korvokalistar.
Utanom tekstane til Ron Mael og vokalen til Russell var dette eit steg vidare frå varemerkestilent til Moroder, som byrja med Donna Summer-songen «I Feel Love» og hadde halde fram i soloarbeidet hans. Songar som «Tryouts for the Human Race» og «La Dolce Vita» er døme på dette.
Den første amerikanske utgåva av Nº 1 in Heaven var nøyaktig lik den originale britiske utgåva på Virgin, men seinare utgåver byta ut albumversjon av «Beat the Clock» med den lengre 12-tommar versjonar.
Nº 1 in Heaven vart marknadsført med fire singlar i løpet av 1979. Den første singelen, «La Dolce Vita», kom ut tidleg i 1979 i europeiske land som Tyskland og Italia, men gjekk ikkje inn på listene. «The Number One Song in Heaven» vart den første hitten deira sidan «Looks, Looks, Looks» i 1975, og nådde 14. plassen i Storbritannia[14] og femteplassen på Irish Singles Chart.[15] «Beat the Clock» gjorde det langt betre i Storbritannia og nådde topp 10 i juli det året.[14] Den siste singelen, «Tryouts for the Human Race» (gjeven ut etter albumet), gjore det ikkje like bra, men nådde likevel 45. plassen på den britiske singellista.[14] Alle singlane (utanom «La Dolce Vita») kom ut på biletplater eller farga vinyl, med eksklusive miksar. Sjølve albumet nådde albumlista i Storbritannia og gjorde det derfor betre enn dei to forrige albuma til Sparks, men klarte berre å nå 73. plassen i september 1979.[14]
Då albumet kom ut var meldingane i britisk musikkpresse stort sett negative. NME skreiv at songane «forlenga seg til pseudoeuropeisk-disco-drama». Kritikaren Ian Penman sa, «Produksjonen til Moroder er i hovudsak irrelevant», og fann ut at albumet var «verken eit komediealbum eller eit eksperimentelt album, men fløymer over av begge delar.»[16] Melody Maker slakta albumet og konkluderte, «det mest patetiske av alt er at dei synest å tru at du vil dansa til det».[17] Record Mirror sa at albumet var «ein fullstendig frustrasjon frå byrjing til slutt» med oder til Donna Summer sin «Deep Town Inside» på «My Other Voice» og til David Bowie på «Tryouts for the Human Race». Kritikaren James Parade sa til slutt: «Det var ein gang, dei var minst fem år føre. For augneblinken ligg dei to år bak».[12] Sounds-skribenten Sandy Robertson skreiv derimot at «bandet har funne i Moroder det beste filteret for ideane deira sida Rundgren» og meinte albumet var «isande skarpt og friskt».[13] Trouser Press-journalisten Bruce Paley meinte songane var «solide, innovative og spennande».[18]
Seinare meldingar har vore meir gunstige. I ei melding til fire og eit halvt av fem stjerner publisert på AllMusic, skreiv John Bush: «Ekteskapet mellom Sparks sitt fokus på rare popsongar og den drivande disco-transen til Giorgio Moroder produserte det beste albumet til duoen på mange år.»[9]
Joy Division kalla «Number One Song in Heaven» ei av dei viktigaste inspirasjonskjeldene innspelinga av «Love Will Tear Us Apart». Joy Division-trommeslagaren Stephen Morris sa: Då me spelte «Love Will Tear Us Apart», var det to plater me høyrde mykje på: Frank Sinatra sitt Greatest Hits og 'Number One Song in Heaven' av Sparks. Dette var byrjinga på interessa i Giorgio Moroder».[19]
Alle songar er skrivne av Ron Mael, Giorgio Moroder og Russell Mael, utanom der anna er nemnt[20].
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Tryouts for the Human Race» | 6:05 | |
2. | «Academy Award Performance» | Ron Mael | 5:00 |
3. | «La Dolce Vita» | 5:56 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
4. | «Beat the Clock» |
| 4:23 |
5. | «My Other Voice» | 4:54 | |
6. | «The Number One Song in Heaven» | 7:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Dancing Is Dangerous» |
| 9:43 |
8. | «Is There More to Life Than Dancing» |
| 8:08 |
9. | «Beat the Clock» (Meat Beat Manifesto Remix - Double Bass Remix) |
| 6:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Tryouts for the Human Race» (singelversjon) | 3:17 | |
8. | «La Dolce Vita» (singelversjon) | 3:48 | |
9. | «Beat the Clock» (singelversjon) |
| 3:46 |
10. | «The Number One Song in Heaven» (singelversjon) | 3:53 | |
11. | «Beat the Clock» (kanadisk singelversjon) |
| 4:21 |
12. | «Tryouts for the Human Race» (lengre versjon) | 7:56 | |
13. | «La Dolce Vita» (lengre versjon) | 5:57 | |
14. | «Beat the Clock» (lengre versjon) |
| 6:40 |
15. | «Tryouts for the Human Race» (12" kort versjon) | 3:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Tryouts for the Human Race» (alternativ lang versjon) | 7:57 | |
8. | «Peter Cook's Promo Spot for No. 1 in Heaven» | 2:38 | |
9. | «The Number One Song in Heaven» | 3:51 | |
10. | «Beat the Clock» (lang versjon) |
| 6:46 |
11. | «Peter Cook's Promo Spot for Tryouts for the Human Race» | 2:51 | |
12. | «Tryouts for the Human Race» (singel) | 3:22 |
Liste (1979) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[21] | 63 |
Sverige | 43 |
Storbritannia (Official Charts Company) | 73 |
USA (Billboard 200) | 204 |
Sparks
Andre medverkande
Teknisk
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.