Njagan
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Njagan (russisk Нягань) er ein by nordvest i Khanty-Mansia i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg 40&nb;km vest for elva Ob og rundt 230 km nordvest for Khanty-Mansiysk.
Njagan Нягань | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | ||
Grunnlagd Bystatus |
1965 1985 | ||
Borgarmeister | Aleksander Rysjenkov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
814 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
56 142 69 /km² | ||
Koordinatar | 62°08′00″N 65°23′00″E | ||
Høgd over havet | 40 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 628180–628195 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)34672 | ||
Nettstad: www.admin.nyagan.ru |
Bynamnet kjem frå elva Njagan-Jugan, ei sideelv til Ob.
Njagan er av dei yngste byane i Vest-Sibir. Han vart grunnlagt i 1965 som eit senter for skogsdrift og heitte opphavleg Njakh (Нях). Namnet vart endra til Njagan 15. august 1985, samstundes med at busetnaden fekk bystatus.
Byen er i dag primært eit senter for petroleum- og naturgassindustrien.
Njagan ligg i eit flatt og myrlendt område og regionen er kjent for brå temperaturfall.
Jernbanen frå Jekaterinburg til Ob-regionen vart opna gjennom Njagan 2. april 1967. Njagan lufthamn, 10 km aust for byen, opna i 1993.
I 2000 vart det opna eit regionalt museum i Njagan.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.