From Wikipedia, the free encyclopedia
Niurka Montalvo (fødd 4. juni 1968) er ein kubansk-spansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Habana, som vart verdsmeister 1999 i lengdehopp då ho representerte Spania. Ho deltok også i tresteghopp.
Niurka Montalvo | |
Statsborgarskap | Cuba, Spania |
Fødd | 4. juni 1968 (56 år) Havanna |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996 |
Montalvo fekk sin internasjonale seniordebut 25 år gammal under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart. Her enda ho opp med fjerdeplassen i tresteghopp, ein centimeter bak bronsevinnar Iva Prandzjeva frå Bulgaria. Året etter sette Montalvo den 24. juni 1994 i heimbyen Habana personleg rekord i tresteg med eit hopp som målte 14,60 meter.
I mars 1995 vann Montalvo ein suveren siger i lengdehopp ved dei panamerikanske leikane i Mar del Plata med eit hopp på 6,89 m. Fleire månader seinare kneip ho sølvmedaljen ved friidretts-VM i Göteborg, med sitt bestehopp på 6,86 m enda ho 12 cm bakom gullvinnar Fiona May som representerte Italia, men 3 cm framom russiske Irina Musjailova.
Montalvo gifta seg spansk i 1999 og tevla sidan for Spania. Sommaren 1999 gjorde ho sitt livs beste lengdehopp då verdsmeisterskapen fann stad i Sevilla. Montalvo låg på andreplassen etter Fiona May gjennom dei fem fyrste omgangane. Før siste omgangen leia May med 6,94 m mot Montalvos 6,88 m. I den sjette og siste omgangen smelte Montalvo til med 7,06 meter, noko May ikkje makta tukte.
Montalvo stod over Sommar-OL 2000 i Sydney, etter som friidrettsforbundet på Cuba nekta henne å representere Spania. Året etter kneip ho bronsemedaljen i lengdetevlinga ved VM 2001 i Edmonton, klart slått av May og russiske Tatjana Kotova.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.