From Wikipedia, the free encyclopedia
Nevil Shute Norway (fødd 17. januar 1899 i London, daud 12. januar 1960 i Melbourne) var ein populær engelsk-australsk romanforfattar på midten av 1900-talet. Han var i si tid særs mykje lesen og omsett, i Noreg med mellom anna En by som Alice.
Nevil Shute | |
Pseudonym | Nevil Shute |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 17. januar 1899 Ealing |
Død |
12. januar 1960 (60 år) |
Yrke | flyingeniør, ingeniør, romanforfattar, skribent, manusforfattar, science fiction-forfattar, racerbilfører, flygar |
Nevil Shute på Commons |
Shute vart fødd i Ealing i London. Han deltok i den fyrste verdskrigen som soldat og etter krigen utdanna han seg i tekniske fag ved Balliol College i Oxford. Han arbeidde som konstruktør hos de Havilland og seinare, frå 1924, hos Vickers Ltd., der han deltok i arbeidet med utvikling av luftskipprosjektet til britane og jobba med konstruksjonen av luftskipet «R100» under Barnes Wallis.
Han forlét Vickers og starta saman med andre flyfabrikken Airspeed Ltd. i 1931, men kjøpte seg ut på 1950-talet og emigrerte til Australia for å via seg til forfattarskapen. Her hadde han òg ein kort karriere som racer-bilist.
I fleire av hans seinare romanar, som En by som Alice og Den siste bredd, er handlinga lagt til Australia.
Ved utbrotet av andre verdskrigen var Shute allereie ein kjend forfattar. Han vart tildelt Royal Naval Volunteer Reserve som sub-lieutenant og hamna raskt i Directorate of Miscellaneous Weapons Development. Der arbeidde han mellom anna på løynlege våpen som Panjandrum. Ryet hans som skribent fekk Ministry of Information til å senda han med i invasjonen av Normandie den 6. juni 1944, og seinare til Burma som korrespondent. Ved krigsslutt var han lieutenant commander RNVR.
Hans mest kjende roman vart On The Beach, som òg vart filmatisert. I dette verket skildrar han ved hjelp av opplevingane til to par dei siste dagane til menneskja etter ein atomkrig. Til trass for den truande undergangen går desse menneskja sin eigen undergang i møte på ein forklara, nesten stoisk, måte.
Med Slide rule la Shute i 1954 fram ein sjølvbiografi.
Shute sin forfattarskap omfattar 24 romanar. Dei fleste er omsett til norsk. Blant dei titlane som ikkje er omsette er Slide rule.
Norsk tittel | Utgjeve | Originaltittel | Utgjeve | |
Ein by som Alice | 1950 | A Town Like Alice | 1950 | Lydbok 2002 |
Einsam veg | 1964 | Lonely Road | 1932 | |
Byen som vakna | 1964 | Ruined City | (1963) | |
Toppløyndom | 1961 | Most Secret | 1942 | |
Mannen med seljefløytene | 1945 | Pied Pip | 1942 | |
Livet og leiken | 1946 | Pastoral | 1944 | |
Runesteinen | 1962 | An old captivity | 1940 | |
Kontakt | 1963 | Stephen Morris | 1961 | |
Den som inkje vågar | 1949 | No Highway | 1948 | |
Til minne om Janet | 1955 | Requiem for a Wren | 1955 | |
Sjakkbrettet | 1948 | The Chequer Board | 1947 | |
Landet til lukka | 1953 | The Far Country | 1982 | |
Regnbuen og rosa | 1959 | The Rainbow and the Rose | 1950 | |
Den siste breidd | 1958 | On the Beach | 1958 | Filmatisert 1959 DVD 2002 |
Formynderen | Beyond the black stump | 1956 | ||
Ein troskyldig mann | 1960 | Tustee from the toolroom | 1960 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.