slekt av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Den biologiske slekta Nestor er ei av to slekter i familien Strigopidae, nyzealandske papegøyar. Slekta Nestor samlar to nolevande papegøyeartar på New Zealand, ein utdøydd art på Norfolkøya[1] og ein mogleg tidlegare art på Chatham-øyane.[2] Alle artane er store tettvaksne fuglar med korte, rett avkorta halar. Eit karakteristisk trekk for slekta er tunga deira, med hårliknande frynsar på tuppen.[3] Den overflatiske likskapen denne tunga har med tunga til loriar har fått nokre taksonomar å vurdere dei to gruppene nært nærskylde, men DNA-prov viser at det ikkje er tilfellet.[4][5]
Nestor | |
Fuglearten kaka i Auckland Zoo Foto: Flickr-brukar: Small | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Strigopoidea |
Familie: | Nestoridae |
Slekt: | Nestor Lesson, 1830 |
Alle dei fire artane i slekta Nestor er trudd å stamme ned frå ein 'proto-Kākā' som levde i skogane på New Zealand for 5 millionar år sidan.[4][6] Den næraste slektningen er Kakapo (Strigops habroptila).[4][6][7][8] Saman utgjer dei Strigopidae, nyzealandske papegøyar,[1] som utgjer ei gamal gruppe som splitta ut frå alle andre papegøyar før den adaptive strålinga tok til.[4][6][8]
Det er to overlevande artar og minst ein veldokumentert utdøydd art i slekta Nestor. Det finst lite kunnskap om den fjerde arten, kaka på Chatham-øyane, som kan ha vore konspesifikk med ein annan kakaart.
Nestor
Det siste kjente individ av Norfolk Kaka døyde i fangenskap i London ein gong etter 1851,[9] og berre mellom sju[10] og 20[11] skinn er tatt vare på. Chatham kaka døydde ut i føreuropeiske tidsperiode, men etter polynesisk kolonisering av øya, mellom 1550 og 1700, og er berre kjent frå subfossile beinfunn. Fuglen kaka er lista med status sterkt truga - EN,[12][13] og kea er lista med status sårbar - VU.[14][15]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.