kyrkje i Ringerike kommune i Buskerud From Wikipedia, the free encyclopedia
Nes kyrkje også kjent som Nes kirke på Nes i Ådal i Ringerike kommune er ei åttekanta sentralkyrkje i lafta tømmer[2] frå 1860. Kyrkja har plass til 250 personar og er teikna av arkitekt Christian H. Grosch. Den høyrer til i Ringerike prosti.
Nes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: John Erling Blad | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Ringerike | ||
Sokn | Nes | ||
Stad | Nes i Ådal | ||
Type | åttekantkyrkje | ||
Arkitekt | Christian H. Grosch | ||
Teknikk | Tømra | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1860 | ||
• Endringar | 1928 (kor og sakristi), 1972 (nytt tak) | ||
Sitjeplassar | 250[1] | ||
Nes kyrkje på Ringerike 60.56383889°N 9.98554167°E | |||
Wikimedia Commons: Nes kirke (Ringerike) | |||
Ved Kgl. resolusjon av 2. februar 1857 vart det avgjort å opprette Ådal prestegjeld, og planlegging av kyrkja kunne ta til. Samstundes med at gjeldet vart oppretta fekk ein løyve til å leggje ein kyrkjegard og oppføre ei kyrkje på garden Nes. Den vart innvia 22. august 1860 ved soknepresten til Gran, S. B. Bugge. Bugges tale finst fortsatt i prestegjeldets arkiv.
Skipet var opphavleg ein oktogonal grunnplan og av lafta tømmer. Taket over skipet er også oktogonalt og teltforma. Takkonstruksjonen ber ein takryttar som har eit kvadratisk underbygg og ein slank og høg oktogonal hjelm. Takryttaren blir støtta av fire stolpar frå golvet i skipet. Underbygget (klokkestova) på takryttaren har doble gluggar med lemmar i kvar himmelretning. Hjelmen og klokkestovetaket vart tekt med koparplater i 1968.[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.