Ein nerd er ein person med et snevert interesseområde, men som har uvanleg god kunnskap og forståing på dette området. Det finst ingen eksakt definisjon på omgrepet nerd, og tydinga har nok variert med tida. Sidan ordet kan vere negativt belasta, er tittelen nerd for det meste sjølvpålagt no til dags.
På slutten av 1990-talet byrja datakunnige på Internett å bruke ordet nerd som eit positivt ord, noko det framleis er, i desse miljøa. På engelsk vert synonymet geek føretrekt i den positive tydinga av nerd, medan det i Skandinavia dekker begge omgrepa og har ein noko mildare tyding enn på engelsk og fransk. Tradisjonelt har nerdar blitt oppfatta som intelligente, men sosialt utilpassa. Sjølv om ingen av delane kvalifiserer til nemninga nerd, kan det å oppfattast slik eller å utvikla seg i den retninga vere meir eller mindre ein biverknad av det å ha sære interesser. Ulike typar nerdar kan grupperast etter interesser. Interesser som tradisjonelt vert oppfatta som nerdete er informasjonsteknologi og vitskap. Interesser som oppfattast som meir daglegdagse, og ikkje verkar heilt meiningslause for ein utanforståande, for eksempel sport, har ikkje fått tilsvarande nerdestempel, sjølv om uttrykk som sportsidiot òg finst.
Ordet vart første gong brukt i 1950 i boka If I ran the Zoo av Dr Seuss. Det finst fleire teoriar om ordets opphav.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.