pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Nebbdyr (Ornithorhynchus anatinus) er ein art av kloakkdyr (Monotremata) som er stadeigen for nordaustlege, austlege og søraustlege Australia, medrekna Tasmania og King Island.[1] Arten er karakterisert av eit breitt andeaktig nebb, er semi-akvatisk (ferskvatn) og semi-fossorial, og trivst i elver og innsjøar.
Nebbdyr | |
Nebbdyr | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av nebbdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Kloakkdyr Monotremata |
Familie: | Ornithorhynchidae |
Slekt: | Ornithorhynchus |
Art: | Nebbdyr O. anatinus |
Vitskapleg namn | |
Ornithorhynchus anatinus |
Nebbdyret er einaste nolevande art i slekta Ornithorhynchus, som er einaste slekt i familien Ornithorhynchidae. Kloakkdyra omfattar elles fem nolevande arter av pattedyr, som alle legg egg, i staden for å føda levande ungar. Dei nytter også elektrolokalisering for å sansa bytte. Nebbdyret tilhøyrer dessutan dei få artene av pattedyr som har gift.
Nebbdyr har ein svært karakteristisk utsjånad, ettersom dei har hornplater som formar eit flatt nebb, i staden for tenner. Eigentleg er det egiedommelege nebbet ei enno meir eigedommeleg snute. Andre artar kan ha hatt eit liknande «nebb», men desse er no utdøydde. Dette gjeld blant anna artane i slekta Obdurodon, men desse kan ha hatt tenner. Nyklekte nebbdyr har ein slags tenner, men desse forsvinn under oppveksten. Nebbet er likevel heilt ulikt det til fuglane, som består av to halvdelar (overnebbet og undernebbet) som kan opnast for munnhòla. Hos nebbdyret er likevel nebbet eit stort sensororgan, som har opninga til munnhòla på undersida. Naseopningane ligg på den dorsale overflata av nebbet, medan auge og øyre ligg i furer like bak. Furene kan lukkast når arten dykkar.
Nebbdyr har pels, korte lemmar og fem tær med symjehud mellom på kvar fot, og dessutan flat hale som ein bever. Halen fungerer som ror og feittlager, slik at dyret kan overleva vinteren når det er lite mat. Arten er ein god symjar, og er ein stor del av livet i vatn på jakt etter mat.
Nebbdyr har ein giftspore gøymt i pelsen på kvart bakbein. Berre vaksne hannar har spora, sjølv om begge kjønn blir fødde med henne. Hoa mistar spora under utviklinga. Det er uklart kor potent denne gifta er, men ho kan gje menneske akutt smerte og opphovning.[2]
Nebbdyra er nært knytt til vatn og grev gangar med opning både over og under vatn.
Nebbdyret er utbreidd langs den australske austkysten, Tasmania og langs innsjøar og elver i Bendigo-området. Det finst ein introdusert populasjon vest på Kangaroo Island.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.