Nawal El Moutawakel
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nawal El Moutawakel (fødd 15. april 1962) er ein marokkansk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 400 meter hekk. Sidan 1990-åra har ho hatt leiande posisjonar i idrettsorganisasjonar og vore sportsminister i Marokko.
Nawal El Moutawakel | |
Statsborgarskap | Marokko |
Fødd | 15. april 1962 (62 år) Casablanca |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1984 |
Utmerkingar | Ridder av Æreslegionen, ridder av Løveordenen |
Moutawakel vann både korthekken og langhekken ved afrikameisterskapen 1982 i Kairo. Ho deltok året etter i begge øvingane under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, der ho i langhekktevlinga tok seg til semifinalane og på korthekken rauk ut allereie i forsøket.
Under OL 1984 i Los Angeles gjorde Moutawakel sitt livs løp på 400 m hekk og tok den olympiske gullmedaljen på tida 54,61 sekundar. Ho vart dermed den fyrste kvinna frå eit muslimsk land som vart olympisk meister. I 1987-sesongen sigra ho på langhekken både i universiaden og middelhavsleikane, men gjorde eit svakt løp i verdsmeisterskapen og forsvann frå den internasjonale idrettsarenaen.
Moutawakel har hatt posisjonar i Det internasjonale friidrettsforbundet sidan 1995. Frå 1998 har ho vore medlem i Den internasjonale olympiske komitéen, styremedlem frå 2012. I 2007 vart Moutawakel utnemnd til sportsminister i Marokko.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.