From Wikipedia, the free encyclopedia
Nareau (kiribatisk for ‘edderkoppherren’) eller Nareau te Moa-ni-bai (‘edderkoppherren av dei fyrste tinga’) er ein skapargud frå mytologien på Gilbertøyane.[1]
I byrjinga var Nareau åleine på Te Bo ma Te Maki, ‘mørket og samanfattinga’.[1] Av sand og vatn skapte Nareau to urvesen, Na Atibu og Nei Teukez.[1]
Saman fekk dei fram fleire gudar: Te Ikawai (‘den eldste’), Nei Marena (‘‘kvinna imellom’), Te Nao (‘bølgja’), Na Kika (‘blekksprutherren’) og Ruki (‘ålen’). Til slutt blei Na Atibu riven sund, og kroppsdelane hans blei til verda. Antan Nareu sjølv eller ein yngre gud med det same namnet, «yngre edderkopp» eller Te Kikinto (‘urokråka’),[1] skapte sola og månen av Na Atibu sine auge, stjernene frå hjernen hans og jorda frå beina og kjøtet.[2][3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.