From Wikipedia, the free encyclopedia
Namsos er ein by og administrasjonssenteret i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg lengst inne i Namsenfjorden, ved munningen av lakseelva Namsen, og har 8 280 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Namsos | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Namsos | ||
Areal | 4,65 km² | ||
Folketal | 8 280 (2023) | ||
Folketettleik | 1 781 / km² | ||
Innbyggjarnamn | namsosing | ||
Namsos 64.467°N 11.494°E | |||
Wikimedia Commons: Namsos (town) | |||
Namsos vart grunnlagt i 1845. Byen består mest av trehus og har brunne ned tre gonger i si relativt korte historie. Fyrste gongen var i 1872 då to gutar leikte med fyrstikker. Andre gongen var i 1897 av ukjent årsak. Tredje gongen var under andre verdskrigen då byen vart bomba av tyske fly den 20. april 1940. Nærleik til Namsen og dei store skogane gjorde staden ideell for sagverk. I dag finst framleis eitt av dei elleve historiske sagverka, Moelven Van Severen.
Det er tollavgift med bil inn til Namsos, som skal gå til å finansiere ei ny bru og tunell, i tillegg til vedlikehald av det lokale vegnettet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.