From Wikipedia, the free encyclopedia
Nahal-busetjingar (hebraisk היאחזות נח"ל, Hiahzut Nahal) var busetjingar grunnlagde av Nahal-soldatar i Israel og israelskokkuperte territorium. Hovudfokuset til militærbrigaden Nahal var å støtte veksten til jødiske busetjingar gjennom Israel. Målet til kvar Nahal-busetjing var å bli ei sivil busetjing. Denne metoden for å starte nye busetjingar på, var særleg effektig i mindre tiltrekkjande område (særleg i Negev, Galilea, Arabah, og etter seksdagarskrigen Vestbreidda, Gazastripa, Golanhøgdene og Sinaihalvøya).
Den første Nahal-busetjinga var Nahal Oz nordvest i Negevørkenen, nær grensa til Gazastripa.
Fleire tidlegare Nahal-busetjingar er i dag 100 % sivile. Mange av dagens kibbutzim var opphavleg Nahal-busetjingar. Den siste Nahal-busetjinga vart stengd i 2001.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.