fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Turakoar er fuglar i den biologiske familien Musophagidae, bananetarar, tidlegare òg kalla hjelmfuglar.[1] Leveområdet er Afrika sør for Sahara. Dei 23 mellomstore artane i denne familien har halvt zygodaktyle føter: dei to ytre tærne kan rettast framover eller bakover. Tå nummer to og tre, som alltid peikar framover, kan vere samanvaksne hos somme artar. Turakoar har ofte tydelege fjørkammar på hovudet og lange halar, og er kjent for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raude fjør.
Turakoar | |
Kvitøyreturako, Tauraco leucotis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Musophagiformes |
Familie: | Turakoar Musophagidae Lesson, 1828 |
Tradisjonelt har denne gruppa vore plassert saman med gaukar i ordenen gaukefuglar, men i Sibley-Ahlquist-taksonomi er gruppa løfta opp til ein orden Musophagiformes, denne nye inndelinga er nytta i lista til International Ornithological Congress, IOC-lista.[2]
Turakoar er mellomstore fuglar, endemiske for Afrika sør for Sahara, der dei lever i habitat av skog og savannar. Dei har ei lengd på 35-75 centimeter, kjempeturako, Corythaeola cristata, måler 70–75 cm og er største familiemedlemmen. Samanlikna med resten av kroppen er vengene små og mykje mindre enn halen. Turakoar har ti halefjør og eit kort, skarp nebb. Somme artar har nebb med sagforma kant. Kjønna er like hos dei fleste artar, unnataket er kvitbukturako, Corythaixoides leucogaster, der hannen har svart nebb og hoa har olivengrønt. Dei er svake flygarar, men spring fort på skogbotnen. Føda er frukt og i mindre grad blad, knoppar og blomar, nokre gonger små insekt, sniglar, og motsetnad til kva namna peikar mot, et dei vanlegvis ikkje bananar.
Dei er selskaplege fuglar som ikkje migrerer. Mange artar er støyande, artane i slekta Corythaixoides kalla 'gå-vekk-fuglar' på engelsk språk, er spesielt kjente for sine gjennomtrengande varselrop. Ropa varslar òg andre om rovdyr eller jegerar. Turakoar byggjer store pinnereir i trea, og legg to eller tre egg. Ungane har tjukk dunkleding og har opne eller nesten opne auge ved klekking.
Dei fem artane i Crinifer og Corythaixoides er hovudsakleg gråe og kvite. Dei andre er derimot fargerike fuglar, som regel blåe, grøne eller lilla. Den grøne farga hos turakoar kjem av turacoverdin, det einaste verkelege grøne pigment ein veit om hos fuglar. Grønfarga hos andre fuglefamiliar kjem av eit gult pigment slik som til dømes karotenoid fargestoff, kombinert med fysisk struktur i fjøra som spreier lys.
Turakoar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
Slekt Corythaeola
Slekt Tauraco
Slekt Ruwenzorornis
Slekt Musophaga
Slekt Corythaixoides
Slekt Crinifer
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.