album av The Band From Wikipedia, the free encyclopedia
Music from Big Pink er det første studioalbumet til The Band.[1] Albumet kom ut i 1968 med ei særeigen blanding av country, rock, folk, klassisk musikk, R&B og soul. Musikken vart hovudsakleg skriven i «Big Pink», eit hus som Rick Danko, Richard Manuel og Garth Hudson delte i West Saugerties i New York. Sjølve albumet vart spelt inn i studio i New York og Los Angeles i 1968,[2] etter at dei hadde akkompagnert Bob Dylan på turneen hans i 1966 (som The Hawks) og brukt tid i lag med Dylan nord i staten New York for å spele inn materiale som i 1975 offisielt kom ut som The Basement Tapes. Plateomslaget vart måla av Dylan.
Music from Big Pink Studioalbum av The Band | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. juli 1968 | |
Innspelt | Tidleg 1968 | |
Sjanger |
| |
Lengd | 42:22 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | John Simon | |
The Band-kronologi | ||
---|---|---|
Music from Big Pink | The Band (1969)
| |
Singlar frå Music from Big Pink | ||
|
I 2000 kom albumet ut på ny album med ekstra opptak frå innspelinga, og i 2018 kom ei superluksus 50-årsjubileumsutgåve med ein ny stereomiks av Bob Clearmountain.
The Band byrja å skape den særeigne stilen sin i 1967 då dei improviserte og spelte inn musikk med Bob Dylan. Dei spelte både mange coverversjonar og originale Dylan-songar i kjellaren på det rosa huset deira i West Saugerties i New York, i 56 Parnassus Lane (tidlegare 2188 Stoll Road). Huset var bygd av Ottmar Gramms, som kjøpte tomta i 1952. Huset var nybygd då Rick Danko fann det som eit hus til leige. Danko flytta inn i lag med Garth Hudson og Richard Manuel i februar 1967. Huset vart lokalt kjend som «Big Pink» på grunn av den rosa fargen på veggane. Huset vart selt av Gramms i 1977, og sidan 1998 har det vore i privat eige.[3]
Opptaka med Dylan sirkulerte mykje på piratkopiplater, først som Great White Wonder i juli 1969, før somme av innspelingane vart gjeve ut som eit album av Bob Dylan og The Band i 1975 på The Basement Tapes, og sidan alle opptaka i 2014 på The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete. Mot slutten av 1967 kjende The Band at det var på tide å stige ut av skuggen til Dylan og kome med si eiga melding.[4]
Manageren til The Band, Albert Grossman (som òg var manageren til Dylan) hadde eit møte med Capitol Records for å sikre ein plateavtale for ei gruppe som framleis vart skildra som «bandet til Dylan». Alan Livingston i Capitol signerte The Band, som først hadde namnet The Crackers. Med meldinga om ein plateavtale, fekk dei lurt Levon Helm heim til Woodstock frå oljeriggane han arbeidde på, og her fann han den viktige plassen sin i The Band som songar og trommeslagar. Helm kom attende samstundes med at The Band hadde byrja å skrive sine eigne songar.[4]
Etter eit møte med produsenten John Simon, byrja The Band å spele inn debutalbumet på Manhattan i A&R Studios, i 7. etasje i 799 7th Avenue på 52nd Street tidleg i 1968. The Band spelte inn «Tears of Rage», «Chest Fever», «We Can Talk», «This Wheel's On Fire» og «The Weight» i to omgangar. Robertson har sagt at då Simon spurte dei om korleis dei ønskte at det skulle høyrast ut, så svarte dei «akkurat som det gjorde i kjellaren.»[5]
Capitol var nøgd med den første innspelinga og føreslo at gruppa skulle dra til Los Angeles for å fullføre innspelinga av det første albumet i Capitol Studios. Dei spelte òg inn noko musikk i Gold Star Studios på Santa Monica Boulevard. Songane på Big Pink spelte inn i L.A. var «In A Station», «To Kingdom Come», «Lonesome Suzie», «Long Black Veil» og «I Shall Be Released».[6]
Dylan tilbaud seg å syngje på albumet, men forstod til slutt at det var viktig for The Band å lage plata på eiga hand. I staden bidrog Dylan med å måle plateomslaget. Barney Hoskyns har skrive at det er viktig at måleriet syner seks musikarar. Omslaget på Music From Big Pink var meint å etablere gruppa som noko anna enn den psykedeliske kulturen i 1968. Fotografen Elliott Landy flydde til Toronto for å fotografere familiane til Danko, Manuel, Robertson og Hudson på kyllingfarmen til Danko. Det vart sett inn eit bilete av Diamond og Nell Helm, som budde i Arkansas. Fotoet kom ut på plateomslaget med bilettekst «pårørande».[7] Det samla designet av omslaget vart utført av Milton Glaser, som òg laga omslaget til Bob Dylan's Greatest Hits i 1967.
Albumet fekk god omtale då det kom ut,[8][18][19][20] men det selde ikkje særskild bra. Det vart rost for den organiske kvaliteten i instrumenteringa, som var blitt spelte inn live utan at det vart lagt til ekstra lydspor i ettertid.[21] Al Kooper skreiv i Rolling Stone om Big Pink og enda med orda «Dette albumet vart spelt inn på kring to veker. Det er folk som vil arbeide seg i hel forgjeves utan å røre det.»[22] Dette gav bandet god publisitet. At Bob Dylan var låtskrivar og medlåtskrivar på to av songane på albumet, hjelpte òg godt på. Robert Christgau var mindre entusiastisk i The Village Voice, der han skreiv at musikken opphavleg levandegjorde ei «country-soul-kjensle utan å etterlikne det» og at det var «røft i kantane», men han meinte at albumet til sjuande og sist var mutt og keisamt å lytte til.[21] Han forklarte seinare at mangelen på energi i musikken vart forsterka av «den metaforiske ugjennomtrengelegheita» i tekstane[23] og at han «alltid hadde beundra albumet» men «på avstand».[24]
I 1968 nådde «The Weight» 63. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA. Songen vart ein større hit andre stader og nådde 35. plassen i Canada og 21. plassen i Storbritannia. Albumet nådde 30. plassen på Billboard Pop Albums-lista i 1968. I 2000 nådde det åttandeplassen på Top Internet Albums-lista. «The Weight» vart populær etter at The Band spelte på Woodstockfestivalen den 17. august 1969 og vart samstundes nytta i filmen Easy Rider, sjølv om han ikkje kom med på filmusikkalbumet på grunn av lisensproblem. Ein coverversjon av bandet Smith vart nytta på filmmusikkalbumet i staden.
Albumet vart stemt fram til 452. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000).[25] I 2003 vart albumet rangert på 34. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[26] ein plass det heldt på den reviderte lista i 2012.[27] Den tilbakelente kjensla på albumet fekk mykje merksemd hos andre store artistar. Til dømes har Eric Clapton sagt at rootsrockstilen på albumet overtydde han om å slutte i Cream, og prøve seg på denne stilen med Blind Faith, Delaney and Bonnie, Derek and the Dominos og debutalbumet hans. George Harrison var òg imponert over musikaliteten på albumet og kjensla av kameraderi, og Roger Waters kalla det det «nest mest innverknadsrike albumet i rock and roll-historia», etter Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, og sa det «påverka Pink Floyd djupt, djupt, djupt.»[28] I følgje Terry Burrows sette albumet i gang sjangeren americana,[29] medan musikkforskaren Chris Smith sa at songane la grunnlaget for rootsrocken.[30]
Den originale LP-plata, inkludert det dobbeltfalsa omslaget, vart kopiert og gjeve ut på ny 40 år seinare i 2008, som ei ommastra 180-grams LP-plate. På CD vart plata ommastra og gjeve ut på ein gull-CD i 1989, og på DVD-audio i 2001 og som ei ommastra, nummerert utgåve på SACD i 2009. Den 29. august 2000 kom albumet ut på EMI Records som ein standard CD med ni bonusspor. I 2012 gav Mobile Fidelity ut ei ommastra, nummerert og avgrensa utgåve på 180-grams vinyl med halv snøggleik.
I høve 50-årsjubileet til plata i 2018 kom albumet ut på ny med ein heilt ny stereomiks og ein 5.1-kringlydmiks av Bob Clearmountain, mastra av Bob Ludwig. Denne inneheldt òg somme av bonusspora frå 2000-utgåva, og ein ny miks med berre vokal av «I Shall Be Released».[31]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Tears of Rage» | Manuel | 5:23 | |
2. | «To Kingdom Come» | Robbie Robertson |
| 3:22 |
3. | «In a Station» | Manuel | Manuel | 3:34 |
4. | «Caledonia Mission» | Robertson | Rick Danko | 2:59 |
5. | «The Weight» | Robertson | Helm with Danko | 4:34 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «We Can Talk» | Manuel |
| 3:06 |
2. | «Long Black Veil» |
| Danko | 3:06 |
3. | «Chest Fever» | Robertson | Manuel | 5:18 |
4. | «Lonesome Suzie» | Manuel | Manuel | 4:04 |
5. | «This Wheel's on Fire» |
| Danko | 3:14 |
6. | «I Shall Be Released» | Dylan | Manuel | 3:19 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
12. | «Yazoo Street Scandal» | Robertson | Helm | 4:01 |
13. | «Tears of Rage» (Alternativt opptak) |
| Manuel | 5:32 |
14. | «Katie's Been Gone» |
| Manuel | 2:46 |
15. | «If I Lose» | Charlie Poole | Helm | 2:29 |
16. | «Long Distance Operator» | Dylan | Manuel | 3:58 |
17. | «Lonesome Suzie» (Alternativt opptak) | Manuel | Manuel | 3:00 |
18. | «Orange Juice Blues (Blues for Breakfast)» | Manuel | Manuel | 3:40 |
19. | «Key to the Highway» | Big Bill Broonzy | Helm | 2:28 |
20. | «Ferdinand the Imposter» | Robertson | Danko | 3:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|---|
12. | «Yazoo Street Scandal» | Robertson | Helm | 4:01 |
13. | «Tears of Rage» (Alternativt opptak) |
| Manuel | 5:32 |
14. | «Long Distance Operator» | Dylan | Manuel | 3:58 |
15. | «Lonesome Suzie» (Alternativt opptak) | Manuel | Manuel | 3:00 |
16. | «Key to the Highway» | Big Bill Broonzy | Helm | 2:28 |
17. | «I Shall Be Released» (Acappella) | Dylan | Manuel | 3:07 |
Andre medverkande
Miks frå 2018
Album – Billboard (USA)
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1968 | Pop Albums | 30 |
2000 | Top Internet Albums | 8 |
Singlar – Billboard (USA)
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1968 | «The Weight» | Pop Singles | 63 |
«The Weight» nådde 35. plassen i Canada og 21. plassen i Storbritannia.[32]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.