Mordechai Vanunu
From Wikipedia, the free encyclopedia
Mordechai Vanunu (fødd 13. oktober 1954) er kjend som ein israelsk kjernefysikar og varslar som i 1986 avslørde Israel sitt atomvåpenprogram og at Israel hadde slike våpen.
Mordechai Vanunu | |
Statsborgarskap | Israel, Marokko |
Fødd | 13. oktober 1954 (70 år) Marrakech |
Yrke | teknikar, aktivist, varslar |
Språk | hebraisk |
Politisk parti | Maki |
Religion | kristendom, Den anglikanske kirke |
Ektefelle | Kristin Joachimsen |
Nettstad | https://www.vanunu.com/ |
Mordechai Vanunu på Commons |
Vanunu var fødd i Marrakesh i Marokko av jødiske foreldre (faren var rabbinar). Han var i England då avsløringa kom, men då den israelske etterretningstenesta Mossad fekk vite om dette, sette dei opp ei honningfelle for han i Roma,[1] der han vart neddopa og teken til Israel. I Israel vart han dømd til 18 års fengsel. Han sona desse 18 åra, med 11 av dei i isolasjon. Då han kom ut frå fengselet, hadde han framleis avgrensa fridom. Han kunne mellom anna ikkje snakke med utlendingar, og for brot på denne regelen vart han i juli 2007 dømd til nye 6 månader i fengsel.

Til Noreg
I 2015 gifta Vanunu seg med norske Kristin Joachimsen, og dei to søkte om familiegjenforeining i Noreg. Det skulle likevel gå to år før dei fekk positivt svar.[2] Den 6. november 2017 søkte Vanunu til Høgsteretten i Israel om oppheving av restriksjonane som hindra attforening med ektefellen i Noreg. Dette var den tolvte gongen han søkte, men det vart likevel avslag.[3] Nytt avslag kom i juni 2018.[4]
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.