From Wikipedia, the free encyclopedia
Mirror Ball er det 24. albumet til Neil Young, spelt inn i lag med Pearl Jam, og gjeve ut 27. juni 1995 på Reprise Records. Albumet selde til gullplate i USA.
Mirror Ball Studioalbum av Neil Young med Pearl Jam | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. juni 1995 | |
Innspelt | 26. januar til 10. februar 1995 | |
Studio | Bad Animals Studio i Seattle | |
Sjanger | Rock, alternativ rock, grønsj | |
Lengd | 55:14 | |
Selskap | Reprise/Epic | |
Produsent | Brendan O'Brien | |
Neil Young-kronologi | ||
---|---|---|
Sleeps with Angels (1994) |
Mirror Ball | Dead Man (1996)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Blender | [2] |
Robert Christgau | [3] |
Entertainment Weekly | (A-)[4] |
NME | (9/10)[5] |
Rolling Stone | [6] |
Spin | [7] |
Time | favorable[8] |
Innspelinga fann stad i januar og februar 1995 i Bad Animals Studio i Seattle. Albumet vart produsert av Brendan O'Brien, som tidlegare hadde arbeidd med Pearl Jam-albuma Vs. i 1993 og Vitalogy i 1994.
Neil Young gjekk i studio med Pearl Jam i Seattle i januar 1995, elleve dagar før bandet skulle spele på ein konsert til støtte for retten til å ta abort i Washington, D.C.[9] Albumet vart spelt i løpet av fire dagar.[10][11] Young valde å spele songane inn live i studio. I januar tok Young med seg «Song X», «Act of Love» og fem andre songar i studio for den første innspelinga i januar.[9][11] For den andre innspelinga i februar hadde han med seg fleire songar.[11] Young skreiv òg to nye songar for innspelinga i februar og ein song frå januar vart spelt inn på ny.[11] Young sa at alle songane, bortsett frå «Song X» og «Act of Love», vart skrivne i løpet av dei fire dagane albumet vart spelt inn.[11]
Young sa han reiste til Seattle for å spele inn plata som ein «utfordring».[11] Han sa: «Å spele inn Mirror Ball var som audio vérité, berre eit bilete av kva som skjedde. Stundom visste eg ikkje kven som spelte. Eg var berre medviten om denne store lydmassen.»[11] Pearl Jam-vokalist Eddie Vedder var ikkje mykje til stades på innspelingane.[12] Vedder forklarte at han på denne tida vart forfulgt av ein tilhengjar og det var problem for å han å forlate huset sitt.[12] Vedder skreiv seinare ein song om dette, «Lukin» på Pearl Jam-albumet No Code i 1996.[13] Pearl Jam-gitarist Stone Gossard sa at Mirror Ball «kom på ei tid då me trengde det, at Neil tenkte me var eit band det kunne vere bra å spele inn ei plate med. Han hadde truleg vondt av oss. Han gjorde det heilt greit for oss å vere dei me var. Han tar ikkje karrieren sin så seriøst at han ikkje kan gjere endringar. Brått var me altfor seriøse»[12]
Mirror Ball nådde femte plass på den amerikanske albumlista og selde til gull.[14] I Noreg hamna albumet på andreplass.
Albumet fekk blanda kritikk, men både NME og Rolling Stone gav albumet gode kritikk.
Det vart laga musikkvideoar av både «Downtown» og «Peace and Love».
Etter albumet var ferdig, slo fleire av medlemmene i Pearl Jam, utan Vedder, seg med Young for ein kort turne i Europa i august 1995. Tilhengjarane kalla dei Neil Jam.[15] Pearl Jam-gitarist Mike McCready sa «Det var ein draum som vart verkelegheit. Me fekk spele masse Neil Young-songar i lag med Neil Young sjølv, og fekk reise til Berlin, til Jerusalem, til Raudehavet.»[16]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Song X» | 4:40 |
2. | «Act of Love» | 4:54 |
3. | «I'm the Ocean» | 7:05 |
4. | «Big Green Country» | 5:08 |
5. | «Truth Be Known» | 4:39 |
6. | «Downtown» | 5:10 |
7. | «What Happened Yesterday» | 0:46 |
8. | «Peace og Love» (Young, Eddie Vedder) | 7:02 |
9. | «Throw Your Hatred Down» | 5:45 |
10. | «Scenery» | 8:50 |
11. | «Fallen Angel» | 1:15 |
Liste (1995) | Plassering |
---|---|
Norske VG-lista[17] | 2 |
Den svenske albumlista[18] | 3 |
Den australske albumlista[19] | 4 |
UK Albums Chart[20] | 4 |
US Billboard 200 | 5 |
Den kanadiske albumlista[21] | 4 |
Den tyske albumlista[22] | 8 |
Den newzealandske albumlista[23] | 10 |
Den austerrikske albumlista[24] | 15 |
Den nederlandske albumlista[25] | 18 |
Den sveitsiske albumlista[26] | 24 |
Liste (1995) | Plassering |
---|---|
Den tyske albumlista[27] | 48 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.