From Wikipedia, the free encyclopedia
Milton Gray Campbell, kjend som Milt Campbell, (9. desember 1933–2. november 2012) var ein USA-amerikansk idrettsutøvar som vart olympisk meister i tikamp.
Milt Campbell | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 9. desember 1933 Plainfield |
Død |
2. november 2012 (78 år) |
Yrke | friidrettsutøvar, amerikansk fotball-spelar, judoka |
Høgd | 190 centimeter |
Campbell, som var frå Plainfield i New Jersey, var ein allsidig idrettsmann. Allereie i yngre år utmerka han seg i friidrett og symjing. Som student ved Indiana University i Bloomington kvalifiserte han seg til Sommar-OL 1952 i Helsinki. I den finske hovudstaden sikra han seg sølvmedaljen i tikampen, bak sin fullstendig suverene landsmann Bob Mathias.
Fire år etter Helsinki-OL vann Campbell tikamp-øvinga i Melbourne-OL med 7 937 poeng, nesten 1000 poeng over det han oppnådde i 1952. Landsmannen Rafer Johnson fekk sølvmedaljen med nøyaktig 350 færre poeng enn Campbell.
I 1957 spelte Campbell amerikansk fotball for Cleveland Browns. Sidan spelte han kanadisk fotball fram til 1964.
Campbell døydde i Gainesville i delstaten Georgia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.